Heilbom frå bompengeutvalet

Berit Hornnes, Leiar Sogn og Fjordane Elbilforeining

Berit Hornnes, Leiar Sogn og Fjordane Elbilforeining Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Regjeringa sitt bompengeutval kom 14. september med framlegg om å fjerne elbilfordelane i bommen, det vil seie at det ikkje skal løne seg å køyre utsleppsfritt i norske bomringar. Dette er eit håplaust framlegg.

Stortinget har vedteke ein maksgrense for elbiltakst i norske bomprosjekt. Elbilistar skal vera garantert ein rabatt på 50 prosent. Denne regelen er effektiv og sender eit langsiktig signal som fører til at folk vel elbil når dei skiftar bil, og den gjer at Noreg oppnår sine klimamål og sikrar rein luft lokalt.

Dei ti kommunane med flest elbilar i Noreg er alle kommunar i nærleiken av bomsnitt med miljørabatt. No kjem bompengeutvalet med framlegg om å fjerne miljørabatten fordi det blir for mange elbilar. No ventar vi framtidsretta politikarar som skjønar at det er dårleg politikk å endre på verkemiddel som verkar.

Vi har hatt ein eventyrleg vekst av nullutsleppsbilar på vegane i Noreg. I år har vi sett at dette har medverka til både reduserte utslepp og betre luftkvalitet i trafikkerte område. Men vi kjenner oss ikkje att i bildet som vert skildra om at det er for mange elbilar. Framleis er 9 av 10 bilar på vegane i Noreg bensin- eller dieselbilar, med vesentlege utslepp. I distrikta er ein enno mindre del av bilparken elektrisk, og elbilutviklinga har kome vesentleg kortare enn kring storbyane. Regelen om maks 50 prosent for elbilar er viktig for å sikre at elbil vert ein bil for alle, også i distrikta.

Poenget med miljørabatten er at det skal motivere til å velje miljøvenleg når ein bytar bil. Og det gjer folk, utan omsyn til eiga miljøengasjement. Norsk elbilforening si årlege brukarundersøking, Elbilisten, syner at rabatt i bomringen er ein av de tre viktigaste grunnane til at folk vel elbil. Vi veit også at elbilistar er nøgde, i same undersøking svarar 94 prosent at dei er nøgde eller særs nøgde som elbilistar.

Styresmaktene har altså klart kunststykke å lage ein politikk som får vanlege folk med på det grøne skiftet utan omsyn til om dei engasjerer seg i miljøet, og på same tid vera ekstremt nøgde med det. Styresmaktene sitt neste grep bør vera å legge bompengeutvalet sin rapport i ein skuff, så dei kan halde fram den positive utviklinga for nullutslepp på vegane våre.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken