Har kommunen ryggrad i Engebøsaka?

Astrid Wittersø spør om Sunnfjord kommune har ryggrad i Engebøsaka.

Astrid Wittersø spør om Sunnfjord kommune har ryggrad i Engebøsaka. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Spørsmålet er om formannskapet i Sunnfjord kommune idag torsdag 20. august har ryggrad nok til å stå på det vedtaket kommunestyret har gjort i Engebøsaka 12.11.2019 - eller om det heile den gongen var eit politisk spel for galleriet – utan eit reelt politisk innhald?

Viser til 2 punkt frå vedtaket i november: «Sunnfjord kommune støttar mineralutvinning på Engebøfjellet, og full utnytting av ressursane for å unngå bruk av sjødeponi.» Og til punkt 18: «Det må bli gjort ei ny totalvurdering av kjemikaliar tenkt brukt i Engebøprosjektet».

Har vi politikarar som har kunnskap og ryggrad i slike viktige saker?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags