Håpet om å få leve vidare

HELDIG: Tor Egil Olsen var heldig og overlevde bukspyttkjertelkreft, som er ein kreftform svært få overlever, skriv artikkelforfattaren.

HELDIG: Tor Egil Olsen var heldig og overlevde bukspyttkjertelkreft, som er ein kreftform svært få overlever, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPasientar som får ein kreftform der få vil overleve, håpar berre på éin god beskjed: at dei får leve vidare.

I Vestland fylke var det meir enn 100 personar som fekk bukspyttkjertelkreft i løpet av fjoråret. Ein av dei var Tor Egil Olsen frå Bergen, som blei kreftsjuk første gongen i 2013. Nokre år seinere fekk han igjen den tunge meldinga, men denne gongen blei han meir bekymra. Han tenkte at bukspyttkjertelkreft er den skumlaste av dei alle, og at no går det mot slutten.

Tor Egil og familien førebudde seg på det verste. Men han var heldig. Tor Egil sin kreft blei nemleg oppdaga tidleg fordi han allereie var i behandlingsløpet av annan kreft. I tillegg sat svulsten gunstig plassert på sjølve kjertelen, slik at faren er mindre for å skade andre organ ved ein operasjon.

I dag overlever tre av fie sin kreftsjukdom. Kun ein av ti overlever bukspyttkjertelkreft. Tor Egil var den eine. Og sjølv om han gjekk gjennom tøffe kurar med cellegift og anna behandling i etterkant av operasjonen, er han i dag nesten heilt frisk og i fullt arbeid. Han kan ikkje få understreka nok kor viktig det er å jobbe for betre oppdaging av ein sjukdom med få eller ingen symptomar.

Kreftbehandlinga har vore gjennom enorm utvikling dei siste tiåra. Sjølv om nærare 75 prosent nordmenn i dag vil overlever kreft, skjuler det seg store forskjeller bak statistikkane. Bukspyttkjertelkreft er ein av fleire kreftformer som få personer overleve. Glioblastom (ein hjernekreft-form) og lungekreft er andre eksemplar. Under fem prosent overlever glioblastom, og rundt ti prosent overlever bukspyttkjertelkreft. Mange av desse pasientane opplever difor den tøffe meldinga: Det er lite vi kan gjere for deg, men du vil få god lindrande behandling.

Årsaka til høge dødstal er kompleks. Ofte er det vanskeleg å oppdage desse kreftformene fordi symptoma er diffuse, og ikkje kan finnast som tydelege kular. Når sjukdommen blir oppdaga har den ofte spreidd seg til vitale organ. Nokre av kreftformene er også vanskeleg å behandle.
Vi ser behovet for meir kunnskap slik at vi kan snu dei dystre prognosane og redde fleire liv. Difor skal pengane vi samlar inn under vår årlege innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft merkast kreftformer med låg overleving. Pengane skal gå til livsviktig forsking og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande.

Vi i Kreftforeningen har som mål å samle inn 45 millionar kroner i aksjon. Det er grunn til å tru at eit felles krafttak vil bidra til betre framtidsutsikter for alle dei som får ein kreftdiagnose med dystre prognosar. Difor håper vi du vil ta godt imot russen og dei andre
bøssebærarane våre. Dei mange tusen frivillige som går med bøsser eller samlar inn gjennom basarer og andre aktiviteter denne veka, mobiliserer ikkje berre for dei vi har mista, men for oss alle. Slik at fleire skal få oppleve den aller beste kjensla, slik som Tor Egil gjorde: Å få beskjeden om at du får leve vidare.

Krafttak mot kreft

• Kvart år får om lag 34.000 nordmenn kreft. Det vil seie at over 90 personer får ein kreftdiagnose kvar dag.

• Kreftforskning har bidratt til at nærare 75 prosent av nordmenn vil overleve sin kreftssjukdom, og blant nokre kreftformer overlever så mange som 90 prosent.

• Berre to av ti overlever lunge-, galleblære-, lever- og spiserørskreft og éin av ti overlever bukspyttkjertelkreft. Difor treng vi meir forskning på desse kreftformene.

• Krafttak mot kreft blir i år gjennomført frå 7.- 15. mars.

• I årets aksjon samlar vi inn pengar til forsking for at fleire skal overleve kreftformene som i dag har høy dødelighet, samt at dei som blir ramma skal få gode tilbod og oppfølging.

• Over 20 000 bøssebærarar vil besøke norske heimar i aksjonsvekene.
www.krafttakmotkreft.no


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags