Julenissen har sagt opp

SLUTTAR: Eg vil ikkje lengre vere ein ambassadør for overdådig handel og overforbruk. Eg har innsett at dei aller fleste i dette rike landet har alt dei treng, skriv julenissen i brevet til skribent Arild Sætre.

SLUTTAR: Eg vil ikkje lengre vere ein ambassadør for overdådig handel og overforbruk. Eg har innsett at dei aller fleste i dette rike landet har alt dei treng, skriv julenissen i brevet til skribent Arild Sætre. Foto:

Av
DEL

MeiningarEin dag kom det eit brev til alle i landet. Brevet var skrive på gamaldags papir og låg i ein konvolutt med frimerke på. Det var frå julenissen. Innhaldet overraska mange:

«Eg har sagt opp. Eg vil ikkje lengre vere ein ambassadør for overdådig handel og overforbruk. Eg har innsett at dei aller fleste i dette rike landet har alt dei treng. Difor har eg lagt ned julenisseverkstaden min og starta organisasjonen Grøne nissar for fred. I staden for julepresangar har eg laga eit opprop med gode og velmeinte råd som eg vil alle skal lese:

Tenk over om du verkeleg treng alt du eig. Til meir du eig, til meir må du arbeide for å tene nok pengar til vedlikehald, reparasjonar og forsikring. Du får mindre fritid, mindre tid til familie og ungar, til friluftsliv og gode samtalar med familie og naboar. Du risikerer å bli stressa og sjuk.

Arild R. Sætre

Arild R. Sætre

Ta deg deretter ein runde rundt i huset ditt, i kjellaren, på loftet i alle kott, i alle kleskap og i garasjen. Det er truleg ganske fullt der. Det klokaste du kan gjere er å selje eller gi bort det du ikkje treng. Nokon andre har kanskje bruk for det. Du vil føle deg mykje friare etterpå.

Ikkje kjøp fleire klesplagg enn du treng. Ver villig til å betale meir for dei du kjøper, slik at verksemdene i fattige land kan betale arbeidarane god løn og slepp å bruke born som arbeidskraft. Dette er ein indirekte måte å drive fredsarbeid på. Det er naud og mangel på rettferd som skapar konfliktane i verda.

Ikkje kjøp meir enn du et. Kjøleskapet ditt er truleg fullt. Du blir lett freista til å ete meir enn du treng av eit overfylt kjøleskap og ein full frysar. Då blir du fort overvektig og usunn. I tillegg er du med på halde oppe ein unødig overproduksjon av matvarer. Utnytt alle restar, så blir det mindre søppel.

Kjøp mest mogleg miljøvennleg kortreist mat. All import fører til meir transport og forureining. Mange av landa vi kjøper mat frå eksporterer landbruksprodukt for profitt medan mange i landet har for lite mat.

Ikkje kjøp ny mobil, iPad, datamaskin eller fjernsyn kvar gong det kjem ein ny modell. Lat deg ikkje freiste til å kjøpe ei mengde elektriske remediar du ikkje treng. Masseproduserte varer forureinar når dei blir produserte, når dei blir transporterte og når dei etter kort tid blir kasserte.

Å gå, sykle eller bruke kollektiv transport er det beste for både deg og miljøet. Treng du bil, kjøp ein trygg og miljøvenleg bil neste gong du skal skifte. Ta godt vare på den og ha den lenge. Den enorme produksjonen av bilar er ei stor forureiningskjelde.

Lat deg ikkje styre av ytre faktorar. Dei fleste let seg i alt for stor grad styre av media, internett, reklame, naboar, kollegaer, status, og kortvarige trendar.

Ta deg tid og lytt til din indre klokskap. Då vil det bli tydelegare for deg at vi no må endre livsstil for å redde planeten vår. Du vil også skjøne at julebodskapen handlar om det vi alle inst inne veit: – At det viktigaste av alt er nestekjærleik og at vi no må byrje å dele ressursane i verda. Denne bodskapen gjeld heile året, ikkje berre i jula.

Venleg helsing Julenissen»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags