Hald på Førde-tidene i ruspolitisk handlingsplan

FØRDE-TIDER: Eg meiner vi burde halde fram med Førde-tidene for sal i nyekommunen, og det er kjempelurt å ha ølet i eigne avlukke, slik som Førde har. Dessutan ser det mykje finare ut i butikkane med avlukke, enn presseningar o.l som andre kommunar delvis dekkar ølet med!

FØRDE-TIDER: Eg meiner vi burde halde fram med Førde-tidene for sal i nyekommunen, og det er kjempelurt å ha ølet i eigne avlukke, slik som Førde har. Dessutan ser det mykje finare ut i butikkane med avlukke, enn presseningar o.l som andre kommunar delvis dekkar ølet med! Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
No skal Sunnfjord kommune vedta ny ruspolitisk handlingsplan – den første etter kommunesamanslåinga.

Dei viktigaste spørsmåla politikarane må stille seg, og svare seg sjølve på, før dei skal begynne på arbeidet, er kva som er målet med handlingsplanen. Skal målet vere å få ned totalforbruket i Sunnfjord, og er ein villig til å gjera dei vedtaka som må til for det?

Det viser seg dessverre at det berre er dei harde tiltaka auka pris og redusert tilgjenge som monnar i alkoholpolitikken. Og prisen på alkohol kan Sunnfjord-politikarane gjera lite med. Dei viktigaste tiltaka no er å halde fram med å ha ølet i eige avlukke og halde på utsalstidene som dei er i Førde.

Det som mange ikkje tenkjer på er kven ein restriktiv alkoholpolitikk gagnar aller mest, i kva befolkningsgruppe har ein mest å hente. Det er nok ikkje mellom dei som allereie er misbrukarar, som mange trur. Det er til ein viss grad i ungdomsgruppa. Men mest hos unge vaksne, middelaldrande og eldre, altså folk flest som har eit uproblematisk alkoholforbruk! For når denne store gruppa sakte men sikkert aukar forbruket, aukar talet på personar som får problem. Synd, men sant.

«Når vannstanden stig, vert fleire våte på føtene», er sitatet som ofte vert nytta i alkoholforskinga.

Butikksal av øl starta i Førde sommaren 2012. Dersom ein samanliknar salet av øl i gamle Førde kommune i 2011 (siste heile år med ølpol) med 2013 (første heile år med butikksal), er det ein skilnad på 193.409 liter per år på dei åra. Og, ja, det minka i Naustdal, Jølster og Gaular, men ikkje så mykje som det auka i Førde.

Allerede dei første åra vart det seld ca. 100.000 liter meir øl i det som no er Sunnfjord kommune, og samanliknar vi salet for Sunnfjord i 2011 med salet i 2018, altså frå året før overgang frå ølpol til butikksal i Førde til status i 2018, har salet auka frå 639.463 liter til 783.202 liter per år, ein auke på 143.694 liter, eller 22 prosent. ( tal frå Sunnfjord kommune si saksutgreiing no ).

Ja, men så har det vore auke i folketalet frå 2011-2018, vil nokon bruke som forklaring på auka sal. Kanskje det. Eg har ikkje tala på det, men eitt er sikkert. Det har ikkje vore folketalsauke på 22 prosent av folk som kan kjøpe øl i denne perioden.

Tilgjenge betyr noko! Rådmannen føreslår no at salstider for butikkøl skal bli like i heile Sunnfjord, dvs. at det skal kunne seljast øl frå kl. 0800–2000 på kvardagar og frå kl. 0800–1800 på laurdagar. Slik har det vore i Jølster, Gaular og Naustdal i mange år, medan Førde har stoppa salet to timar før dette alle dagar, altså kl. 1800 kvardagar og kl. 1600 laurdagar.

Eg meiner vi burde halde fram med Førde-tidene for sal i nyekommunen, og det er kjempelurt å ha ølet i eigne avlukke, slik som Førde har. Dessutan ser det mykje finare ut i butikkane med avlukke, enn presseningar o.l. som andre kommunar delvis dekkjer ølet med! Har ikkje sett nokon kommune som har løyst dette så flott som Førde.

I Førde har vi etter kvart også fått nesten alle butikkane til å selje alkoholfritt øl frå eige kjøleskap. Det er viktig for kunne tilby eit reelt alternativ ein varm sommardag og elles!

Dei som er for lengre utsalstider i butikkane meiner at vi som vil det motsette gjer det unødvendig tungvint for folk å kjøpe øl. Svaret på det er ja, og det er også føremålet! Vi har framleis til gode å sjå at eit samfunn som har rimeleg grei tilgang på alkohol i alle variantar, lir av at tilgangen vert noko dårlegare.

M.a. Høgre ved ordførar Grotle uttala til NRK i september 2019, at to timar ekstra salstid ikkje betyr noko for salet. Då er min replikk at då kan ein vel berre la det stå som det er? Det ville og gjort det enklare for butikkane som ikkje ville trenge folk i kassen over 18 år for å selje øl etter kl. 1600 og 1800.

Stopp av ølsalet kl. 1800 på kvardagar ville få størst konsekvens for familiefolk og vaksne som ikkje ville kunne handle øl på daglegvarerunden sin. Og det ville vere bra, for det er denne gruppa som sakte men sikkert aukar bruken ved lett tilgjenge som tidlegare forklart.

Eg veit og at mange som har, eller har hatt eit alkoholproblem, ventar til etter at ølsalet på butikken er stengt før dei tek handleturen sin for ikkje å sprekke.

Det er i gruppa vaksne måtehaldande og spesielt eldre at bruken i Norge aukar for tida, i motsetning i ungdomsgruppa som drikk litt mindre. Det er heller ikkje salstidene på butikken som regulerer ungdomen sin bruk.

Det var eit påfallande fall i ølsalet frå butikk i Gaular frå 2015–2016. Klart det vart det når E39 vart lagt utanom Sande, og det ikkje var ein ølbutikk på vegskuldra gjennom Sande!

Som følge av koronakrisa vil taxfreesal av alkohol minke framover. Det er difor viktig at kommunane ikkje fører ein politikk for å kompensere dette.

Politikarane skal og vedta skjenketider. Og gi skjenkeløyve. Det er kjempeviktig at skjenketider på byen vert halde til så tidleg som lova tillèt. Det har vist seg at det medfører mindre bråk og skader på byen om natta. Og det var feil å tru at å halde ope heile natta for å fordele trykket i taxikøen og ved kebabkiosken ikkje hadde effekt (tal frå Oslo legevakt/ politi), som mange trudde.

Det er vanskeleg å argumentere godt for at ein restaurant ikkje skal ha skjenkeløyve. Betre det, samt ha gode skjenkekontrollrutinar, enn å utvide salstidene for øl i butikkane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags