HAFS Utvikling og dei hemmelege tenestene

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Innbyggjarane i HAFS-kommunane har dei siste vekene vore vitne til ein underleg, løyndomsfull prosess kring nedlegginga av det offentleg eigde selskapet HAFS Utvikling. For min eigen del har eg til tider lurt på om eg er busett i det gamle Aust-Tyskland eller i det frie Norge. Men no har altså Firda frigjort oss, i alle fall eit stykke på veg, frå dette hemmelegheitsskremmeriet.

Underteikna var med på eit lukka kommunestyremøte i Askvoll om saka. I ettertid har eg tenkt at eg burde ha protestert mot at møtet vart lukka, for etter mi oppfatning blei det ikkje sagt noko der som ikkje ville tolt offentlegheita sine øyre. Det kan ikkje vere brot på teieplikta når eg seier at eg stod att om lag like uvitande om prosessen kring HAFS Utvikling etter dette møtet som før, og like uvitande som den jamne innbyggjar i HAFS-kommunane. Kva vi i Askvoll gjorde spela for så vidt ikkje så stor rolle, sidan selskapet var bestemt avvikla før vårt kommunestyremøte.

To dagar seinare kom så den mykje omtala BDO-rapporten ut i media. Men heller ikkje denne rapporten inneheld så vidt eg har kunna sjå i Firda moment som ikkje ville ha tolt dagens lys.

Hemmeleghaldet kring nedlegginga av HAFS Utvikling har hindra ei fri meiningsbryting og ein open prosess om kva slags apparat vi vil ha for å utvikle og byggje HAFS-kommunane for framtida. Dersom ein var misnøgd med aktivitetane til selskapet, kunne ein sagt i frå ope og trekt seg ut, eller ein kunne ha arbeidd for endringar ope. I staden blei det bestilt ein rapport som berre få fekk lese, men som likevel vart brukt som grunnlag for nedlegginga, som skjedde i lukka møte.

Så vidt eg veit har verken styret eller leiinga i HAFS Utvikling fått høve til å presentere sitt syn på saka for nokon av kommunestyra, noko som er underleg i seg sjølv. Saka blir endå meir merkeleg sidan det 27. september gjekk eit brev frå næringslivsorganisasjonane i Solund, Fjaler og Askvoll til formannskapa i dei fire kommunane. Her bad dei om ro kring selskapet, og om at ein venta litt lenger før det skjedde ei evaluering. Næringslivsorganisasjonane i tre av dei fire kommunane har altså ikkje blitt høyrde i denne saka.

Måten prosessen har skjedd på, får ein til å mistenkje at nokon har hatt skjulte motiv i denne saka. Ein kan undrast på om det som har gått føre seg er eit ledd i å svekkje heile HAFS-samarbeidet. Vi veit at sterke krefter ville leggje oss under stor-Førde i fjor, utan at dei fekk fleirtalet i folket med seg på denne løysinga. Det kan sjå ut som dei har kome eit steg nærare målet sitt no.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken