Hafs: Akkurat passe

Fjaler med kommunesenteret Dale.

Fjaler med kommunesenteret Dale. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Næring, tenester og identitet. Dette er grunnane til at eg flytta attende til Hafs-området. Det er også grunnane til at eg støttar at Hafs blir eigen kommune.

DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dei siste månadane har den eine «høvdingen» i regionen etter den andre uttalt at dei personleg ikkje har Hafs som sitt føretrekte kommunealternativ, no sist i BT. Det blir stort sett grunngjeve med referanse til kva som er framtidsretta med tanke på økonomiske forhold, og difor folketalsutvikling.

Men ein skapar ikkje folketalsutvikling i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund berre ved å slå saman kommunar – prognosane som syner folketalsvekst i storkommunen «Sunnfjord» er basert på at veksten kjem der det er vekst no: Førde og nært omland. Det som vil skape tilflytting i Hafs-kommunane er næring, tenester og identitet. Lat oss snakke om det då.

Medan det private blir rekna som næringsmotoren i byane, så ser vi stadig mot det offentlege for å komme med næringsløysingar i distrikta. Dette ei oppskrift på det vi har sett dei siste 50 åra: ein sakte, men sikker straum av folk som flyttar dit den private kapitalen skapar jobbane, og som dermed drar ein større del av offentlege ressursar dit.

Vi må difor slutte å tru at det er det offentlege som vil skape vekst i distrikta. Det må vi gjere sjølv, ved å på ein berekraftig måte nytte både dei menneskelege og naturgjevne ressursane vi har rundt oss. Berre ved å skape vekst i private næringar vil ein skape jobbar, som igjen vil skape folketalsvekst ettersom folk flyttar dit jobbane er.

Å slå saman kommunar skapar ikkje privat vekst åleine, men om kommunen har eit felles næringsgrunnlag vil det vere enklare å skape synergiar. Hafs-området har ei historisk fellesarv knytt til kystnæringar og industri som det er vel verdt å dyrke vidare. Mange bedrifter samarbeider på tvers av kommunegrensene, og etter at vi endeleg fekk Dalsfjordbrua, så har ein etablert eit felles bu- og arbeidsområde som vi enno ikkje har hatt tid til å hauste fruktene av.

Med forhåpentlegvis snarleg utbygging av Atløysamband og trekantsamband med ferje i ytre strøk så vil ein ha den nødvendige infrastrukturen til å knytte dei sterke kystnæringane i ytre deler av Hafs sterkare saman med kunnskaps- og industrimiljøa i indre. Her er det mykje potensial til vekst i primær- og sekundærnæringar, noko som igjen vil skape vekst i servicenæringar. På Lutelandet har vi eit skinande døme på det potensial som eksisterer i regionen. Lat oss bygge vidare på dette, og bygge ein sterk, felles næringsstruktur i Hafs.

Spørsmålet knytt til tenester har på mange måtar hatt ein rar plass i denne debatten. På den eine sida er dette saka folk er mest opptatt av, på den andre sida så har det nesten ikkje vore noko debatt, sidan forkjemparane for samanslåing seier at ein ikkje treng uroa seg sidan intensjonsavtalane sikrar at førstelinetenestene skal vere der dei er i dag.

For å seie det rett ut, så trur eg at vi må vere budde på nye debattar rundt plassering og kvalitet på tenester uavhengig av kommunestruktur. Sikring av tenester er avhengig av økonomi. Om den tilseier at ein må legge ned noko, så må ein gjere det, uavhengig av intensjonsavtalar.

Forkjemparar for storkommune seier så at ein gjennom folketalsvekst vil sikre betre inntekter, og difor er det ikkje behov for denne debatten. Men veksten er som sagt forventa å komme i Førde – kvifor skal ikkje då dei auka inntektene gå dit veksten er?

Sjølv om ein større kommune vil kunne ta på seg fleire oppgåver, så er dei fleste av oppgåvene av ein slik natur at dei vil bli sentraliserte. Og interkommunale samarbeid vil framleis vere naudsynte på enkelte områder – vi kjem ikkje oss til samanslåingshimmelen her heller.

Då har eg meir tru på at ein kjem fram til gode avtalar og kompromiss mellom tilnærma likeverdige partnarar – som vi har i Hafs. Ein kan få til ei reell desentralisering, med reelle funksjonar spreidd utover. Eg trur til og med at ein kunne fått dalingar til å reise til tannlege i Askvoll. Rapportar syner faktisk at vi har nokre av dei beste tenestene i landet i dag.

I tillegg er det verdt å hugse at Hafs ifølge PwC sin rapport kjem økonomisk godt ut av ei samanslåing dei første 15 åra. Då har vi 15 år på å skape vekst og vidareutvikle dei gode tenester sjølve. Ja, inntektssystemet kan endre seg, men eg har vanskeleg for å forstå at ei Høgre-regjering skal straffe kommunar som slår seg saman. Vi har også sjansen til å jobbe samla som kommune for å behalde den einaste vidaregåande skulen vi har i dagpendleavstand. Skal vi kaste ein slik sjanse på båten, eller skal vi i alle fall gje det eit forsøk først?

Om du spør ein tilbakeflyttar med barn om kvifor han flytta attende, så er sjansen stor for at personen vil seie at han ønskte at ungen sin skulle få dei same, trygge rammene som dei sjølv hadde når dei vaks opp. Korleis skapar ein dette? Jobb som sikrar inntekt, og tenester som sikrar ein trygg og god oppvekst.

Men eg vil hevde at det handlar like mykje om identitet. Om du føler at du har noko til felles med dei som er rundt deg, så skapar dette ei kjensle av tryggleik. Identitet er heftig drøfta i samanslåingsdebatten, men fokuset er på om ei kommunesamanslåing vil endre identiteten vår. Eg vil hevde at spørsmålet burde snuast om: Kva område identifiserer eg meg med, og stemmer kommunegrensene overeins med dette?

Eg trur mange identifiserer seg med sitt konkrete nærområda, og då kanskje særskilt der dei vaks opp. Eg sjølv er oppvaksen i Holmedal. Eg identifiserer meg sjølv som holmedøling, sjølv om eg ikkje har budd i Holmedal sidan eg var 19. Men, eg må nok innrømme at tida med Holmedal som eigen kommune er over for lengst – det blir for lite.

Når eg no må identifisere meg med eit større geografisk område, så er det ikkje Askvoll (kommunen eg vaks opp i), Bergen (kor eg har budd dei siste ti åra) eller Fjaler (kor eg bur no) som er det naturlege referansepunktet. Det er kysten, Dalsfjorden og Hafs.

Og når eg tenkjer meg om, så er det ganske naturleg. Eg gjekk på ungdomsskule i Askvoll. Eg spelte fotball med folk frå øyane og frå Fure. Eg gjekk på vidaregåande i Dale med folk frå heile Hafs. Eg reiste på fest på Trudvang, på Grytøyra, i øyane. Mange somrar vart brukte på ungdomsutveksling ytst i Sula. Når eg reiste til byen (som er Bergen), for utdanning så var det naturlege miljøet mitt ikkje berre folk frå Holmedal, men frå heile Hafs.

Identitet blir forma over tid, av å vere i lag med folk. Mange i min generasjon deler nok desse erfaringane med meg. Eg trur difor identiteten til den yngre generasjonen rommar eit større område enn dei eksisterande kommunegrensene.

Då er det kanskje tid for endring. Ein skal ikkje vere redde for endring, men ein skal ikkje prøve å vere større enn det ein er heller. For meg er Hafs akkurat passe. Eg håpar det er det for deg òg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken