Vikingane ved Dalsfjorden

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevAt mange i HAFS distriktet er i ferd med å gje frå seg krafta si til Førde og i tillegg meinar at det er eit alternativ for oss i HAFS, er skremmande lesing om kraftlaus og kapitulerande tankegang.

I alle forhold, anten det er i jobb, politikk eller privatliv, er det slik at om du gjev frå deg krafta di, let andre vekse på din energi (i denne debatten: let andre bruke dine skattepengar) medan du sjølv visnar og sit att, utan evner til å leve og skape. Er dette eit klokt val?

Vi er godt i gong med å byggje HAFS-regionen. Brua er på plass, mange bedrifter nyttar HAFS som del av sine firmanamn og ungdommar flyttar heim på bakgrunn av optimismen og jobbmogelegheiter i HAFS, samt den massive promoteringa av vårt felles vekstområde. Fantastisk!

Dalsfjorden har alltid vore eit naturleg bindeledd mellom bygdene ikring.

At vikingane, som skapte busetnaden på Island i år 874, kom frå Dalsfjorden burde vere god nok grunn til å vite langt inn i folkesjela, at vi er eit folkeslag med fantastiske framtidsvisjonar og tillit til eiga kraft. På tide å ta denne krafta i bruk!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags