Ap har oppstartsmidlar til Gulatinget

Ingrid Heggø

Ingrid Heggø Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Arbeidarpartiet har i sitt alternative budsjett ei stor satsing til kulturformål, og det er avsett 5 millionar kroner til oppstartsløyving til Gulatinget Nasjonale Kultursenter.

Gulatinget er eit av dei største og eldste landskapstinga i Noreg, og var verksamt frå 900 til 1300. Lovområdet omfatta kysten frå Ålesund til Kristiansand. Gulatingslova er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden, der dei første fragmenta er frå 900 talet.

Å forstå, praktisere og verne om folkestyret og rettsstaten har aldri vore viktigare.

Kjernen i formidlinga i det planlagde senteret vert difor å halde levande debatten om desse viktige pilarane i det norske styresettet, til stadig nye generasjonar.

Dette er eit viktig tiltak for å bygge Vestland fylkeskommune. Lokal og regional finansiering er på plass. Dessverre fann ikkje høgreregjeringa rom for dette i sitt budsjett. Arbeidarpartiet har oppstartsløyving til Gulatinget Nasjonale Kultursenter på plass.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags