Gul midtstripe på E39 – eit rettkome krav

EKSKLUDERER: Statens vegvesen sitt innspel til Nasjonal Transortplan ekskluderer vegar som har ein heilt uakseptabel vegstandard og framkomst, som til dømes E39 gjennom Halbrendslia og Førde sentrum, i Vadheim eller over Utvikfjellet, skriv artikkelforfattaren

EKSKLUDERER: Statens vegvesen sitt innspel til Nasjonal Transortplan ekskluderer vegar som har ein heilt uakseptabel vegstandard og framkomst, som til dømes E39 gjennom Halbrendslia og Førde sentrum, i Vadheim eller over Utvikfjellet, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Gode og trygge vegar er ein føresetnad for busetting på Vestlandet. Gul midtstripe og to køyrefelt på E39 er eit rettkome krav.

Vi blir vi svært uroa når det ikkje sett av midlar til noko prosjekt på E39 mellom Bergen og Ålesund i Statens vegvesen sitt innspel til NTP. Grunnen til dette er at samferdsledepartementet har bestemt at prosjekta skal rangerast etter samfunnsøkonomisk nytte. Dette favoriserer vegutbygging i det sentrale og det folkerike austlandsområdet. Og det ekskluderer vegar som har ein heilt uakseptabel vegstandard og framkomst, som til dømes E39 gjennom Halbrendslia og Førde sentrum, i Vadheim eller over Utvikfjellet.

E39-utvalet krev at det vert innført prinsipp om gul midtstripe/to køyrefelt på europavegar som E39. Krav til tryggleik og god framkomst må vektleggast tyngre, og pengar til rassikring må aukast. Det handlar om å få folk til å busette seg på Vestlandet. Det handlar om verdiskaping. Derfor må det byggast vegar på Vestlandet.

GUL MIDTSTRIPE: Gode og trygge vegar er ein føresetnad for busetting på Vestlandet. Gul midtstripe og to køyrefelt på E39 er eit rettkome krav, skriv Jenny Følling.

GUL MIDTSTRIPE: Gode og trygge vegar er ein føresetnad for busetting på Vestlandet. Gul midtstripe og to køyrefelt på E39 er eit rettkome krav, skriv Jenny Følling. Foto:

Dersom vi ikkje får gjennomslag for prinsippet om gul midtstripe på europavegnettet, så trillar vegpengane forbi oss. Ikkje fordi det ikkje er behov, men fordi nasjonale prioriteringar favoriserer utbygging etter samfunnsøkonomisk nytte og trafikkmengd. Då vert det berre utbygging i og omkring større byar og større befolkningskonsentrasjonar.

Ei for sterk vekting av samfunnsøkonomisk nytte verkar enormt sentraliserande. Det vil bety at vi står igjen med eit vegnett i distrikta som forfell, fører til fråflytting og nedbygging av Distrikts-Norge, og redusert verdiskaping. Derfor må kriteria endrast. Meir av vegpengane må gå til gul midtstripe på europavegar og til rassikring.

Det er ei stor skeivfordeling av samferdslemidlane i landet. Dei store vegpengane vert fordelte etter samfunnsøkonomisk nytte. I inneverande NTP ligg det inne 334 milliardar i statlege investeringsmidlar. Over 50 prosent av dette går til jernbane (170 mrd.). Til veginvesteringar ligg der 155 mrd. Mesteparten vert fordelt etter samfunnsøkonomisk nytte. Berre 12 mrd. går til rassikring. I tillegg kjem porteføljen til vegselskapet Nye vegar.

Prosjekta i «Nye vegar» vert prioriterte etter samfunnsøkonomisk nytte. Ein stor andel av samferdslemidlane ligg i denne porteføljen. I Granavollen-plattforma er det ei målsetting at der skal inn fleire prosjekt. Statens vegvesen har, i sine innspel til NTP, vurdert 18 nye strekningar. Ingen av desse ligg i Sogn og Fjordane.

Prosjekta i Nasjonal Transportplan vert prioriterte som om «Nye vegar» ikkje eksisterer. Der vert ikkje tatt omsyn til at nye vegar har prosjekt berre på Aust- og Sørlandet, og nokre i Trøndelag. Dette bidrar til ei endå sterkare skeivfordeling av samferdslemidlane.

Vi må brette opp ermane og gå til kamp for at Vestland får vår andel når vegkaka skal fordelast. Rasfylke, tunnelfylke og ferjefylke har andre utfordringar og behov enn flatbygdene på Austlandet. Vi treng å bygge landsdelen saman med ein rusta opp og ferjefri E39. Vi må gi folk tryggleik for at dei kan busette seg her, og skape arbeidsplassar og levebrød på våre naturgitte ressursar. Vestlandet står for ein stor del av verdiskapinga i landet og då må vi også ha vår andel av vegpengane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags