DEBATT: Stopp Nordic Mining!

SAMLAR PENGAR: Årsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane har begynt innsamlingsaksjon for å kunne betale bøter når aksjonistane igjen set seg ned på Engebøfjellet.

SAMLAR PENGAR: Årsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane har begynt innsamlingsaksjon for å kunne betale bøter når aksjonistane igjen set seg ned på Engebøfjellet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNordic Mining har søkt Direktoratet for mineralforvaltning om driftskonsesjon. Det må til for eventuelt å starte gruvedrift på Engebøfjellet, med dumping av gruveavfallet i Førdefjorden.

Raudt Sogn og Fjordane går sterkt imot Nordic Mining sitt prosjekt, som inneber storstila dumping av avfallsmassar i sjøen og ope dagbrot. Vi viser til at det finst eit alternativ på plass; eit gruveselskap som har lagt fram truverdige planar om gruvedrift i Engebøfjellet, utan dei miljøskadane Nordic Mining sitt prosjekt kjem til å påføre både fjord og fjell.

Raudt Sogn og Fjordane støtter gruvedrift utan sjødeponi og med minimal negativ miljøpåverknad. No har vi for første gang i gruveindustrien si historie i Noreg eit gruveselskap som har slike miljøambisjonar, og det skal støttast som forbilde for framtidas gruvedrift i Noreg.

Natur og Ungdom har varsla at det kjem til å bli brukt sivil ulydnad mot Nordic Mining sine planar. Raudt støttar slike mottiltak fullt ut, og nokre av våre medlemar kjem til å følgje Natur og Ungdom sitt eksempel.

Raudt Sogn og Fjordane har på sitt årsmøte 9. februar løyvd 1000 kr som start på ein eigen innsamlingsaksjon. Aksjonen skal vere ei økonomisk støtte til dei som eventuelt blir bøtlagde for å stoppe den planlagde øydelegginga av Førdefjorden og Engebøfjellet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags