Kommunestyret må seie nei til dumping i Førdefjorden

ØKOSYSTEM: Førdefjorden er ein av få attverande fjordar på Vestlandet med rikt og intakt økosystem, med gyteplassar for kysttorsk og andre artar, rikt fugleliv, og fjorden har særskilt vern som nasjonal laksefjord, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå deponiområdet.

ØKOSYSTEM: Førdefjorden er ein av få attverande fjordar på Vestlandet med rikt og intakt økosystem, med gyteplassar for kysttorsk og andre artar, rikt fugleliv, og fjorden har særskilt vern som nasjonal laksefjord, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå deponiområdet. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Våre folkevalde i Sunnfjord kommune har no høve til å ta vare på Førdefjorden, ved å stille miljøkrav og seie nei til utslepp av gruveavfall i Førdefjorden i høyringsuttale til søknad om driftskonsesjon frå Nordic Mining.

Den 12. november skal Sunnfjord kommune behandle høyringsuttale til sak om driftskonsesjon, oppstartsløyve, for Nordic Mining/Nordic Rutile sitt gruveprosjekt i Engebøfjellet. Høyringsuttalen går til Direktorat for mineralforvaltning som gjer vedtak om søknaden. Vedtaket kan ankast til Næringsdepartementet.

Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og fleire andre miljø- og fiskeorganisasjonar, har sendt felles høyringsuttale. Vi vil no på det sterkaste oppfordre dei folkevalde i Sunnfjord kommune til å gå imot at Nordic Mining får driftskonsesjon på grunnlag av føreliggande søknad, som inkluderer utslepp av store mengder gruveslam i Førdefjorden, samt fjelltoppkapping av Engebøfjellet.

Saka er no så endra frå utsleppsløyvet som vart gjeve i 2015, at vi meiner at Nordic Mining må framstille ny utsleppssøknad som grunnlag før dei kan søkje om driftskonsesjon.

Vi vil her liste opp nokre hovudargument for å gå imot driftskonsesjon, ut frå føreliggande driftssøknad:

1) Eit eventuelt utslepp av heilt finknuste restmassar i Førdefjorden vil ha alvorlege miljøkonsekvensar. Nordic Mining planlegg no i tillegg å bruke nye kjemikaliar, som ikkje er konsekvensutgreidd og ikkje gjeve utsleppsløyve for. Det eine, SIBX, er svært giftig for det marine livet, og har i tillegg den eigenskapen at det akkumulerer og «transporterar» giftige tungmetall, som kadmium, inn i vasslevande organismar.

Det er sannsynleggjort stor risiko for utlekking av det giftige tungmetallet kadmium og påpeikt at dette er lite greia ut i saka. Gruveselskapet har i medieoppslag sagt at det er vanleg å bruke SIBX i gruveindustrien. Det er dels rett, men det som ikkje er vanleg er å dumpe restmassane i sjøen slik at SIBX medverkar til å øydelegge det marine miljøet. Nordic Mining hevdar at livet vil kome tilbake til fjordbotnen 5–10 år etter at dumpinga er avslutta, men nye studiar av Havforskingsinstituttet frå Jøssingfjorden viser framleis lite revegetering 35 år etter dumpinga vart avslutta der.

2) Då Nordic Mining fekk utsleppsløyve i 2015, var grunngivinga til KLD at «samfunnsnytta» var større enn dei negative miljøkonsekvensane. No har gruveselskapet planlagt å redusere talet på tilsette frå 175 til 106 og redusere driftstida for gruva frå 50 til 29 år, noko som gjev sterkt redusert «samfunnsnytte». Samtidig blir dei negative miljøkonsekvensane meir alvorlege på grunn av det nye kjemikalet SIBX.

3) Det er planlagt å kappe toppen av Engebøfjellet, men metoden «mountaintopremoval» er svært kontroversiell internasjonalt, fordi landskapet vert irreversibelt øydelagt for all framtid og miljøskadar av støv og støy vert større. Allereie i 2015 uttalte Oljefondet at dei hadde selt seg ut av selskap som driv «mountaintopremoval» på grunn av dei openberre miljøkonsekvensane, og at dei ikkje hadde tru på berekrafta i forretningsmodellen rundt denne type gruvedrift på lang sikt.

Det vert hevda frå enkelte hald at utsleppsløyvet ikkje kan trekkast tilbake, at det i så fall medfører det erstatningsplikt.

Dette er ikkje rett, i politikken er alt mogleg så lenge objektet ikkje er øydelagt. Nyleg vedtok regjeringa å legge ned pelsdyrnæringa, sjølv om den var i full drift, gruveprosjektet er framleis på planleggingsstadiet og utsleppsløyvet kan trekkast tilbake, det handlar om politisk vilje.

Sunnfjord kommune kan elles gjere om tidlegare reguleringsvedtak for areal på Engebø og i Førdefjorden, utan risiko for å bli erstatningspliktig. Dette gjer advokat Tine Larsen greie for i juridiske vurdering av høve til å stanse planane om dumping av restmassar i Førdefjorden, utført for Naturvernforbundet. Det å stille miljøkrav, krav om utgreiingar og å uttale seg negativt til konsesjonssøknaden, kan følgande også gjerast utan risiko for erstatningsplikt.

Havforskingsinstituttet seier i sin høyringsuttale til driftskonsesjon at utslepp av gruveavfall i Førdefjorden ikkje er berekraftig bruk av fjorden.

Fiskeridirektoratet har frårådd utslepp i Førdefjorden, det har også ei samla fiskeri- og sjømatnæringa gjort, NHO reiseliv og hovudorganisasjonen VIRKE har frårådd, Norske Lakseelver, Norske miljøorganisasjonar og 33 internasjonale miljø- og fiskeorganisasjonar har frårådd. Ikkje minst har 60 selskap i marint tilknytt næringar og reiseliv i området skrive felles brev til regjeringa og frårådd utslepp av gruveavfall i Førdefjorden.

Vi ber om at Sunnfjord kommunestyre seier nei til driftskonsesjon som vil inkludere utslepp av store mengder gruveavfall i Førdefjorden og fjelltoppkapping av Engebøfjellet.

Sunnfjord kommunestyre må no sikre Førdefjorden som reint, rikt og varig grunnlag for busetting, for eksisterande og framtidige næringar. Gruvedrift går på kostnad av desse verdiane, av omdøme og gjev næring berre ein kort periode.

Førdefjorden er ein av få attverande fjordar på Vestlandet med rikt og intakt økosystem, med gyteplassar for kysttorsk og andre artar, rikt fugleliv, og fjorden har særskilt vern som nasjonal laksefjord.

Det må leggast til at Sogn og Fjordane stabilt over mange år har hatt lågaste arbeidsløyse i landet. Vi har eit variert og blomstrande nærings- og samfunnsliv i dag og som vil kunne vare ved. Vi har ein levande, attraktiv fjord i dag å bu og leve ved og av, i arbeid og fritid. Vi er på ingen måte nøydde til å sage av den greina vi sit på, ofre Førdefjorden. Mineralressursane må ligge i fjellet til dei kan hentast ut på ein slik måte at det ikkje øydelegg naturen, livsgrunnlaget vårt.

La oss hegne om vårt gode og eineståande omdøme: Sunn Fjord i Sunnfjord!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags