Unødvendig øydelegging av Førdefjorden

Endre plan: Dersom Nordic Mining ønskjer å stille seg i spissen for å utvikle framtidas miljømessig betre gruvedrift, er det på tide å planleggja for ei underjordsgruve utan avfall på Engebø, skriv forfattarane av innlegget. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Endre plan: Dersom Nordic Mining ønskjer å stille seg i spissen for å utvikle framtidas miljømessig betre gruvedrift, er det på tide å planleggja for ei underjordsgruve utan avfall på Engebø, skriv forfattarane av innlegget. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI Firda 3. mars har direktør Ivar Fossum i Nordic Mining eit innlegg med tittelen «Frykt eller fakta?», og antydar at dei som ynskjer meir miljøvenleg avfallshandtering enn å dumpe gruveavfall i Førdefjorden baserer seg på frykt og ikkje fakta. Etter å ha lese innlegget vil vi snu det rundt, og spørja om Fossum fryktar fakta. Lat oss gå gjennom nokre av påstandane frå Fossum.

Fossum skriv: «Når vi med stor sikkerhet kan si at tilsetningsstoffer som følger restmineralene ikke er giftige, så er det fordi det er gjort grundige vurderinger av stoffenes potensielle effekter», og han viser til at talet på tilsettingsstoff er redusert frå 7 til 3 og med færre tonn. Fossum nemner ikkje at Nordic Mining no har lansert 3 nye kjemikalier som dei ikkje har utsleppsløyve for og at eit av desse ser ut til å vera spesielt farleg.

Dette er «Sodium isobutyl xanthate» (SIBX), der «Material Safety Data Sheet» frå Coogee Chemicals har følgjande åtvaring: «Ekstremt giftig for vasslevande organismar». Her står det i tillegg at stoffet kan bidra til å frigjera tungmetall og føre til oppkonsentrasjon i fisk og andre organismar.

Det er grunn til å hugse at NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings og sjømatforsking) åtvara mot utlekking og oppkonsentrasjon av kadmium. Her kan ein spørja om det er risiko for at SIBX kan forverre situasjonen ved å trekke kadmium ut av gruvemassane og gjera det tilgjengeleg til organismar.

Konklusjonen bør vera ganske eintydig; SIBX må aldri bli sleppt ut i Førdefjorden.

Fossum skriv: «Innholdet av tungmetaller i restmineralene fra den planlagte mineralproduksjonen på Engebø er på «bakgrunnsnivå»». Ifølgje rapporten «Fysisk-kjemiske egenskaper til eklogitt og avgang», ein del av Nordic Minings utsleppsøknad, vil det vera eit koparinnhald på 55,4 mikrogram/g i avgangsmassane, dobbelt så høgt som i sjøbotnen elles. Tilsvarande vil innhaldet av krom, bly og sink vera nesten det dobbelte av innhaldet i sjøbotnen.

Miljødirektoratets «Veileder for klassifisering av miljøkvalitet i fjorder og kystfarvatn, 2229, 2007» slår fast at med så høgt innhald av kopar kjem massane i klasse «Dårleg», noko som vil gje «Akutte toksiske effektar ved korttidseksponering». På grunn av det nye kjemikaliet SIBX kan i tillegg utlekking av tungmetall frå massane bli meir alvorleg enn det som er vist i Nordic Minings utsleppssøknad.

Fossum viser til at det er bra med betre utnytting av massane, og at mengda restmassar blir kraftig redusert, med 70prosent er det hevda. Vi er samde i at dette er bra, det opnar i tillegg for å kunne fjerne behovet for ytre deponi.

Fossum hevdar at landdeponi er det einaste alternativet til å dumpe restmassane i Førdefjorden, men det er to andre alternativ som kan kombinerast, og samtidig fjerne behovet for ytre deponi. Det første er å bruke massen til alternative formål, som for eksempel til bygg og anlegg eller produksjon av keramiske materiale, murstein etc., slik SINTEF har vist. Det andre er å drive gruva som ei underjordsgruve frå første stund, og dermed få vesentleg mindre naturinngrep, og langt mindre uttak av gråberg/ avfallstein.

Ifølgje Nordic Minings rapport «Pre-feasibility study» skal det bli laga ei sjakt frå toppen av Engebøfjellet og ned til havnivå, der malmen frå dagbrotet skal bli dumpa ned, og så bli køyrd ut til prosessanlegget gjennom ein tunnel. Dette er nesten identisk med planane for kopargruva i Kvalsund, med den skilnaden at Nussir skal drive gruva som underjordsgruve for å unngå det naturinngrepet som eit dagbrot representerer.

I ei underjordsgruve kan ein praktisere driftsforma «tilbakefyllingsbryting» (cut and fill), der restmassane blir lagt attende inn i gruva under drift. I praksis kan ein få plass til minst 60 prosent av dei massane som blir henta ut, og med betre utnytting og meir alternativ bruk av massane vil det seia at ein kan få plass til alle restmassane og ikkje vil ha behov for ytre deponi. I tillegg vil driftsmetoden stø opp underjordsgruva og tillate større uttak av malm utan risiko for kollaps.

I Nordic Minings rapport «Pre-feasibility study» vert tilbakefyllingsbryting oppgjeve som eit alternativ, men vert diverre avvist, ikkje av tekniske årsaker, men det vert påstått å vere for kostbart, utan at det står noko om kor kostbart det blir.

Her er det interessant å vise til utviklinga av gruvedrift på EU-nivå, «European Innovation Partnership on Raw Materials», som legg fram målsettinga for ei grunnleggjande endring av korleis ein driv gruvedrift.

Slutt på dagbrot, full overgang til underjordsdrift, praktisering av tilbakefylling og etablering av pilotgruver innan 2020, er blant målsettingane. Dersom Nordic Mining ønskjer å stille seg i spissen for å utvikle framtidas miljømessig betre gruvedrift, er det på tide å planleggja for ei underjordsgruve utan avfall på Engebø og stanse planane for dagbrot og den ressurssløsinga det i dobbelt forstand er, å dumpe gruvemassar i Førdefjorden som avfall.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags