Grønt stempel. Fritt fram

Av
DEL

LesarbrevSet eit grønt stempel på noko, og det er fritt fram!

Tysdag 14.juli 2020 kan vi lese i Firda at Sunnfjord kommune vil skaffe seg ti elektriske tenestesyklar for å redusere klimagassutslepp frå kommunen. Herlegheita skal koste 454.000 kroner.

Det må vere lov å stille spørsmål til denne pengebruken. Og til argumentajonen for den.

Har kommunen rekna på kor mykje utsleppskutt dei får for desse pengane? Korte sykkelturar i Førde sentrum. Det monnar ikkje! Ikkje i det heile tatt. Det blir så smått at det ikkje kan reknast med. Dette er ikkje eit klimatiltak.

Slik er det for tida. Politikarane strør om seg med pengar for dyre symboltiltak, som ingen stiller spørsmålsteikn ved fordi dei har fått det magiske grøne stempelet.

Eg er sjølvsagt klar over begrepet «Sykkelbyen Førde». Men dette tiltaket er eg overbevist om at kostar meir enn det smakar. Det føyer seg inn i rekkja av dyre symboltiltak.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags