Prioriter mjuke trafikantar på Byrkjelo

Enkelte held uforsvarleg høg fart på strekninga, og livsfarlege forbikøyringar skjer ofte. Dette har både eg og mange fleire opplevd som brukarar av kafeen og butikken, skriv artikkelforfattaren. På bildet ser vi butikken til Bakar-Jon.

Enkelte held uforsvarleg høg fart på strekninga, og livsfarlege forbikøyringar skjer ofte. Dette har både eg og mange fleire opplevd som brukarar av kafeen og butikken, skriv artikkelforfattaren. På bildet ser vi butikken til Bakar-Jon. Foto:

Av
DEL

MeiningarOpe brev til Statens vegvesen.

Ang. avslaget til søknaden frå Gloppen Kommune om gangfelt over E-39 ved Bakar-Jon på Byrkjelo.

Underteikna er rullestolbrukar og ferdast nesten dagleg både over og langs E-39 på denne strekninga. Trafikkbildet kan nok vere ulikt frå dag til dag og til ulike tider. Påstanden om at gjennomsnittsfarten er låg er sikkert rett. Her er 3 avkøyrsle: til Bakar- on, bensinstasjonen og til byggefeltet Furehogane, samt parkeringsplassen på nordsida av E-39.

Alt dette reduserer farten. Likevel held dessverre enkelte uforsvarleg høg fart på strekninga, og livsfarlege forbikøyringar skjer ofte. Dette har både eg og mange fleire opplevd som brukarar av kafeen og butikken.

Påstanden frå vegvesenet om at, sitat : «den gode sikta gjer at trafikanten på vegen skal kunne sjå om nokon kryssar vegen, og eventuelt stoppe om det er naudsynt», sitat slutt. Dette ville vere rett om trafikantane overheldt fartsgrensa på strekninga, men dessverre gjer dei ikkje alltid det!

Styresmaktene seier ofte at dei mjuke trafikantane skal prioriterast. Dette må visast i handling og ikkje berre i fagre ord. Eit gangfelt på staden bør vere heilt i tråd med denne målsetjinga!

Eg oppmodar Statens vegvesen på nytt å vurdere søknaden før noko alvorleg skjer på strekninga.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags