Breim klinisk tomt for næringsareal

Nytt areal må inn i reguleringsplanen som skal vedtakast noko seinare, samtidig med regulering av ny E 39 trase. Nytt næringsareal bør ligge tett på ei ny av/på køyring til E 39 trase, skriv Vidar Sandal i artikkelen.

Nytt areal må inn i reguleringsplanen som skal vedtakast noko seinare, samtidig med regulering av ny E 39 trase. Nytt næringsareal bør ligge tett på ei ny av/på køyring til E 39 trase, skriv Vidar Sandal i artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevBreimsbygda er inne i ei tid at fleire ting bør falle på plass i nærmaste framtid. Mange utfordringar bør luftast og diskuterast kring utvikling av Byrkjelo, Breimsbygda og resten av Gloppen.
Byrkjelo er og blir innfallsporten til kommunen vår frå søraust.
E 39 traseen og kommunedelplanen skal behandlast av kommunestyret med det første.

Utbygging av allereie regulert bustadfelt i Byrkjelo Aust vert dermed frigjort frå Statens vegvesen sine skisser. I det nyaste utkastet er tilkomstvegar flytta ut av det regulerte byggefeltet med 20 nye sentrumsnære tomter. Dette arealet må kjøpast av grunneigar og pengar til arealkjøp må løyvast i kommunen sitt budsjett for 2020.
Ein prosess må starte straks sidan det no er svært få ledige bustadtomter på Byrkjelo.

Breimsbygda er klinisk tom for ledig næringsareal. Nytt areal må inn i reguleringsplanen som skal vedtakast noko seinare, samtidig med regulering av ny E 39 trase. Nytt næringsareal bør ligge tett på ei ny av/på køyring til E 39 trase. Det vart i 2018 løyvd 5 millionar kroner som startmidlar for nytt næringsareal i Breim. Breimsbygda og Gloppen kommune kan ikkje vente 10–15 år fram i tid til tunnel under Utvikfjellet vert realisert. Tilgang til nytt næringsareal må framskundast før den tid.

Innbyggarane og næringslivet i Gloppen og Breimsbygda særskilt, må kome på bana og delta i prosessen kring utvikling av sentrumsområda inn i framtida. Det er no prosessen går, kring å få på plass sentrum og sørvistilbod som vi meiner bør takast med i reguleringsplan kring ein ny E 39 trase. Her må bygdefolket i Breim og resten av kommunen vakne litt for det er no toget tek av frå den såkalla perrongen.

Såg ei utkast til engasjement frå Utviklingslaget i Hyen med invitasjon kring idémyldring om framtida. Ein god invitasjon som andre bygdelag trygt kan ta litt kopi av.

Mogleg at organisasjonar, enkeltpersonar, næringslivet og utviklingslaga i Breim må forstå si rolle i denne prosessen. Nokon må engasjere lokalt og her bør Byrkjelo Ide og Utviklingslag ta tak og leie an ein prosess for å vere med i ei lokal påverknad om utviklinga kring E 39 traseen.
Vi må skape best mogleg utvikling rundt eit traséval for ny E 39 uansett korleis traseen vil vert lagd gjennom Byrkjelo.

Senterpartiet i Gloppen ønskjer å påverke til at mengda matjord til vegbygging vert avgrensa i forhold til det alternativet som er presentert i dag. Dette alternativet ligg i hovudsak på matjord gjennom Byrkjelo.
Viktig at det no vert planlagt med i ein reguleringsplan, det som vi meiner er viktig å få ned på kartet no når området kring vegen skal regulerast.

Oppmodar med dette Breimsbygda å engasjere seg i prosessen og spele inn til politikarane tankar og idear kring eit vegval som både samferdsle og Breimsbygda skal vere nøgde med langt inn i framtida.
Vi ønskjer at innfallsporten mot Gloppen skal planleggast grundig for vekst og utvikling.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags