Gledeleg utvikling i Sp!

Marie Kronen Tveranger

Marie Kronen Tveranger Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Kinn Raudt ser med glede at Senterpartiet den siste tida har vist tendensar til kritikk av måten Kinn Kommune vert styrt.

Vi har fleire gongar kritisert SP for å ha forlate valløfta sine og vorte gissel i samarbeidet med ordførar Ola Teigen og AP. Det same gjeld SV. Difor er det desto meir gledeleg å merke at både varaordførar Sissel Kongsvik og Fredrik Egeberg frå SP, no markerer at dei ikkje lenger vil følge denne vegen.

SV bør ta lærdom av dette og ta opp hansken! Vi får håpe at dette utspelet er eit uttrykk for at eit samla Senterparti, ikkje berre enkeltrepresentantar sine meiningar. At dette viser seg i praktisk politikk – ikkje berre ord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags