– Gaularfjellsvegen må opne tidlegast mogleg

– Det er ikkje sagt at vi må ha vegen open heile vinteren. Men ein må ha ei tidlegast mogeleg opning på våren, skriv Magnar Hellebust i dette lesarinnlegget.

– Det er ikkje sagt at vi må ha vegen open heile vinteren. Men ein må ha ei tidlegast mogeleg opning på våren, skriv Magnar Hellebust i dette lesarinnlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I den seinare tid har det gjennom media komme fram at vegeigar Vestland fylkeskommune vil ha lang vegstenging av Gaularfjellsvegen. Den skal ikkje opnast før 1. juni. Dei seinare å har opning vore 1. mai. Grunngjevinga er at den hadde mange stengingstimar i mai i år. Dette er kostnadsmessig dyrt for vegeigar å prøve halde open denne månaden grunna mange mindre ras og nedfall av høge brøytekantar. Det fylkeskommunen må ta med seg, er at i 2020 var det mykje snø i fjellet og ersåleis ikkje representativ for eit gjennomsnitt sett over tid. Dei kan gå tilbake til t.d. vinteren 2019 å sjå kor mykje stenging det var då.

Men her leitar fylkeskommunen etter gode argument for å stenge vegen for å spare pengar. Vi er ikkje lenger Sogn og Fjordane men no er vi blitt Vestland. Det er mange som slåst om dei same kronene. Det syner seg også at Vestland fylkeskommune er ein fattig kommune. Med det som bakgrunn vil mange utkantar tape og som igjen fører til at bygdene stagnerer og går tilbake som gode og viktige lokalsamfunn.

Livsgrunnlaget for bygdene har endra seg mykje dei siste tiåra. Tidlegare kunne mange livberge seg på mindre bruk med ein tilleggsjobb. Eine parten var ute i arbeid som t.d. lærar, snikkar butikkmedarbeidar m.m. I dag må begge toe vere i arbeid. Mekanisering og stordrifts fordelar gjer at små bruk ikkje er driv verdig lenger. Det må satsast på nye næringar slik at det er fleire bein å stå på. For mange som bur i dette vakre landet vårt er satsingsområde turisme og dette vert i festtalar lovprisa av styresmaktene. Då må dei og stå ved det i handling.

På begge sider av Gaularfjellet er det mange som har satsa på turisme som ei ny tilleggsnæring Dei investerer for å yte nye og gode tilbod. Skal ein satse på turisme må turistane komme fram og ikkje bli hindra av stengde vegar. Sommarsesong er hovudsesong. I våre dagar er det mange som prøver strekke den i begge endar. Då må også vegeigar og driftar (fylkeskommunen) legg til rette for det og ikkje setter kjeppar i hjulet.

Gaularfjellsvegen er også ein Nasjonal turistveg som inneber plikter for vegeigar å gjere den farbar lengst mogeleg av året. Ein blir møtt med at det er for lite trafikkgrunnlag og at den er kostbar å drifte i vintermånadane. Difor fell den nedover prioriteringslista. Medan dei som satsar på turisme langs vegen opplever seg som ein salderingspost av storsamfunnet.

Gaularfjellsvegen var frå gamalt av den einaste og viktigaste vegsambandet mellom Sogn og Sunnfjord/Nordfjord. Før Høyangertunnel og Fjærlandstunnel. Då låg brøytemannskap fast på brøytestasjon på Gaularfjellet for å ha vegen farbar den meste av vintermånadane.

Det er ikkje sagt at vi må ha vegen open heile vinteren. Men ein må ha ei tidlegast mogeleg opning på våren. Ein må gjerne sjå kvar vinter an. Ein er vel vitande om krav og sikring av parti med med snøras. Med dagens teknologi let dette seg overvake.

Så håpar ein at fylkeskommunen tek desse signala slik at vegen både lokalt og i turistsamanheng er ein viktig bidragsytar for samferdsla også i framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken