Ta ballen ikkje mannen

SAKLEG: Som røynd politikar hadde eg trudd at Per Kjelstad (innfelt) ville vere sakleg i vindkraftdebatten, men der tok eg feil, skriv Erik Espeset.

SAKLEG: Som røynd politikar hadde eg trudd at Per Kjelstad (innfelt) ville vere sakleg i vindkraftdebatten, men der tok eg feil, skriv Erik Espeset. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDebatten om vindkraft går høgt i Sunnfjord og Ytre Sogn. Det er bra og sjølvsagt når vi snakkar om store inngrep i naturen. Eg vil gjerne takke dei aller fleste av mine meiningsfeller og motdebattantar for at de skil sak og person og debatterer sakleg. Dette er grunnsteinen i eit sivilisert demokrati og spesielt i små samfunn der alle kjenner kvarandre.

Dessverre er det nokre få som ikkje meistrar dette skiljet. Desse få kjem med personangrep eller dreg motiva til oss vindkrafttilhengarar i tvil. Per Kjelstad gjer dette i lesarbrev den 26. juli, og prøver skape ei konspirasjonshistorie der eg enten er hemmeleg agent for utbyggjar eller for dei samla interessene til kraftbransjen.

Eg underteikna det første lesarbrevet i saka som bl.a. som tidlegare styreleiar i Zero. Dette var mest for å auke truverdet mitt som forkjempar for klima og fornybar energi.

Den viktigaste motivasjonen for å engasjere meg i debatten er fordi eg er sterk tilhengar av fornybar energi og gjenbruk/ombruk av ressursar. Eg meiner at det er få område i landet som er betre eigna til utbygging av vindkraft enn høgfjellsplatået mellom Høyanger og Viksdalen. Først og fremst fordi vi då gjenbrukar eit område som er brukt til kraftproduksjon og kraftlinjer frå før, men også fordi at det vil vere lite synleg frå buplassane til folk i bygdene rundt. Det kan godt hende at er har overdrive fordelane med vindkraft og undertrykt ulempene, men slik er jo debatt og det gjer også motstandarane.

Det er mange grunneigarar på Viksdalen som ønskjer denne utbygginga, både fordi det vil gje ekstrainntekter til gardsbruka men også fordi det vil gje mykje enklare tilgang fjellområda som gjer spesielt gjeting og sauesanking mykje enklare. Eg hadde aldri jobba for denne saka viss eg ikkje visste at mange på Viksdalen er tilhengarar, og etter at er engasjerte meg i saka har eg fått ein svært utvida venekrins i bygda.

Sidan eg har leiarstillingar i kraftbransjen på Møre, så spekulerer Kjelstad i om grunneigarinteressene mine på Viksdalen er sekundære og at eg har andre skulte motiv. Dette er det reine oppspinn. Dersom Kjelstad hadde umaka seg til lese litt meir enn namna til selskapa som eg leiar, så hadde han sett at desse primært har interesser i Møre og Romsdal og i alle fall ikkje i dette vindkraftområdet.

Tilbod og etterspørsel er det som driv prisane i ein marknad, enten det er på straum eller sauekjøt. Dette veit Kjelstad og derfor blir det tåpeleg å hevde at eg jobbar for å auke tilbodet av straum frå konkurrentane til selskapa som eg leiar. Alt anna likt så fører meir tilbod av straum inn ein marknad til at prisane går ned. Dette er mest til glede for hushaldningar og næringsaktørar.

Som røynd politikar hadde eg trudd at Kjelstad ville vere sakleg i vindkraftdebatten, men der tok eg feil. Han har nok lært frå moderne populistar at det fungerer godt å spele på kjensler og bruke personangrep. Freistinga blir sikkert ekstra stor når magasinet med saklege argument er tømt og han til og med har fyrt av dei siste raudfispatronene enten dei heiter iskast eller støy.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags