Vegnamn i Viksdalen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEg har tidlegare i eige brev til Gaular kommune komme med innspel på namn vedkommande vegadresser i kommunen og då særleg for Viksdalen sin del.

I den samanheng har eg også hatt dialog med Viksdalen grendalag om desse forslaga til adresseparsellar og vegnamn. Bygdelaget har også hatt ein førespurnad på ei lukka facebook-side for Viksdalen om val av strekning og namn.

I den samanheng har eg merka meg med nokre utsegner frå fleire i bygda som gjer at eg vel å endre ein god del på mine forslag til namn og parsellar eg tidlegare har presentert. Desse utsegnene er vel verd å merke seg då det er slik vi har omtala dei ymse deler av bygda gjennom generasjonar . Dette finn vi også att i ymse historiske skrifter. Vil også tru at dette er midt i blinken for slik som Lov om stadnamn vurderer namnsetting. Dette er spesielt nemnt i Adressevegleiaren punkt 6.6.1 kulepunkt 2. Det er viktig å ta vare på nedarva namn og talemåtar når slike vegnamn skal avgjerast.

Opphavleg er Viksdalen alt aust for utlaupet av Viksdalsvatnet ved Eikjelandsfossen i Gaular kommune. Frå gnr.1 Horsevik på sørsida og tilbake til gnr. 51 Kjelstad på nordsida av vatnet.

Dette går også fram av nettstaden Wikipedia:

"Viksdalen er en bygd som ligger øst i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Bygden kan deles i fire større krinser, Råheimsdalen, Eldalsdalen, Vikja («Dalen») og Vasstrand. De to dalførene Råheimsdalen og Eldalsdalen møtes i Viksdalsvatnet, dalføret leder herifra videre mot Sande i Sunnfjord som er kommunesenteret i Gaular."

Senteret i bygden, Vikja, ligger ved enden av Råheimsdalen. Her finnes skole, barnehage, nærbutikk og kirke. Vasstranda er brukt som fellesbetegnelse for gårdene på sørsiden av Viksdalsvatnet, mellom Eldalsosen og Kirkelid.

Dermed er vegnamna alt lagt skal vi følgje den nedarva måte vi har kalla områda fram gjennom tida.

Vegnamnet frå krysset i Kirkeli til Eldalsosen får namnet Vasstranda med stigande husnummer. Strekninga frå vegkrysset i Eldalsosen og til krysset ved kyrkja i Vikja og vidare ut mot Roska får vegnamnet Dalen. Råheimsdalen vert namnet på strekninga frå krysset ved kyrkja og til vegkrysset på Rørvikfloten. Så har vi strekninga frå vegkrysset i Eldalsosen og vidare mot Sogn og Gaularfjellet som får namnet Eldalsdalen.

Utover det har vi nokre vegarmar til Følling, Oppedal og Vikum som bør ha eige namn. Desse namna ligg naturleg til desse namna med endinga veg. I tillegg har vi nokre vegarmar som ligg i grenseland som vegen til Tjønnaland og Hatlestad. Vidare har vi to hytteområder som bør ha områdenamn slik Kartverket sin Adressevegleiar legg opp til. Det er Vindheim og Hoffslåttene.  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags