Betyr ikkje varig vern, varig vern?

Ein arkitekt har teikna nokre firkanta bord og benker som bryt fullstendig med intrykket frå den urøyrde naturen i dag. Hadde dei i det minste leigd Arild Viken til å sette opp bord og benker i naturstein, så ville det falle fint inn i lag med dei borda som står på marka i vegkrysset i dag, skriv artikkelforfattaren.

Ein arkitekt har teikna nokre firkanta bord og benker som bryt fullstendig med intrykket frå den urøyrde naturen i dag. Hadde dei i det minste leigd Arild Viken til å sette opp bord og benker i naturstein, så ville det falle fint inn i lag med dei borda som står på marka i vegkrysset i dag, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Skal ein sjå vekk frå vedtaket om varig verna område?

I Firda 29.01.20. skriv Ole Johannes Øvretveit om utbygginga rundt Hestad kapell. Det undrer meg mykje at ein har tenkt å sjå vekk frå vedtaket om varig verna område kring denne gamle kyrkja. Det må då vere ein grunn til at det i 1971 vart vedteke å opprette eit 35 dekar stort landskapsvernområde rundt kapellet? I 1993 vart heile vassdraget verna. Skal ein berre hoppe bukk over det? Betyr ikkje varig vern, varig vern? Hestadgrend bedehus ligg på grensa til det verna området.

Sjølv har eg stor glede av å gå stiane mellom bedehuset i Hestadgrend og over til kapellet. Der er også ein flott, urøyrd idyll ved badestranda. På marka mellom stranda og bedehuset står nokre steinbord. Heile tangen og området er fantastisk flott!
Om ein skulle fylle ut masse i vatnet for å bygge parkeringsplassar, så vil ein ha rasert området for alltid.

Bøndene omkring vil ikkje gje frå seg ein einaste centimeter jord til parkeringsplassar. Difor vurderer kommunen utfylling i vatn. Gaular kommune overtalte så indremisjonsstyret i Hestadgrend bedehus til å gjere det private parkeringsområdet om til «allmenn rett til bruk», mot å legge asfalt på tre sider av huset. Dette var absolutt ikkje eit einstemmig vedtak i styret.

Fylkesmannen har godkjent kommunen sine planar om å bygge eit toalett på marka rett nedfor inngangsdøra til bedehuset. Var han då verkeleg klar over kvar toalettet skulle stå? Kva respekt gjev han og kommunen då til eit viksla gudshus? Gulrota frå kommunen er at bedehuset skal få vatn via toalettet og inn i bedehuset. Dette treng ikkje bedehuset, for dei har privat tilførsel av vatn. Alt arbeide og vedlikehold er gjort av Indremisjonen sine folk. Når servicebygget er ferdigbygt, vil bedehusfolket når dei no kjem ut inngangsdøra, ikkje lenger sjå ut over det vakre Viksdalsvatnet, men inn i eit toalett! Er det mogeleg?!

I 1985 vart det planlagt å bygge eit offentleg toalett nord for Hestad kapell. Det vart ferdigbygt i 1995. Dette er no berre ope ved gudstenester. Det var opprinneleg planen at dette også skulle vere eit toalett for dei badande. Burde ikkje det stå ope kvar sommar for alle turistar? Kommunen har betalt grunnarbeidet.

Dei 12 private parkeringsplassane ved bedehuset vil kommunen no utvide til 15 plassar. I følgje punkt 4 i avtalen skal Indremisjonen ha rett til å stenge deler av parkeringsområdet ved private arrangement. Ikkje heile. Kommunen har galant ekspropiert dei private parkeringsplassane og gjeve dei til «allmenn bruk».

Vidare ein arkitekt teikna nokre firkanta bord og benker som bryt fullstendig med intrykket frå den urøyrde naturen i dag. Hadde dei i det minste leigd Arild Viken til å sette opp bord og benker i naturstein, så ville det falle fint inn i lag med dei borda som står på marka i vegkrysset i dag.

Før var det forbudt å bruke gravemaskiner i eit verna område. Kva no? Marka framfor bedehuset er svært idyllisk i dag med store bjørketre. Den bør få ligge urøyrd.

Om kommunen skulle få medhald og bygge dei ti parkeringsplassane langs med vatnet, så løyser ikkje det problemet som vil oppstå med auka turisme. På finveirsdagar står det minst 50 privatbilar langsmed vegen. Med planlagt auka turisme kan området fort bli øydelagt. Det illustrerte biletet i Firda viser heller ikkje eit rett bilete av utbygginga.

Brua over Likholefossen er flott! Den ligg skjult mellom trea og ruvar ikkje i terrenget. Betongklossane på Gaularfjellsvegen bryt med naturens særpreg, men den er vel komen for å bli. Skulle vindmøllene kome på fjella sør for Hestad kapell, og den 26 meter lange ormen-lange-plankestien ut i vatnet bli bygd for å auke turismen, så vil deler av det urøyrde, verna landskapsområde rundt Hestad kapell vere øydelagt for alltid. Kvifor betyr ikkje varig vern, varig vern?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags