Vegnamn i Viksdalen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Meiningar7. august har Magnar Hellebust eit innlegg i Firda med denne overskrifta.

Når det gjeld den øvre delen av Viksdalen, har eg ikkje nokon kommentar. Det høyrest greitt ut. Men det gjer det ikkje når det gjeld den nedste delen, nemleg Hestadgrend.

Magnar Hellebust veit at Vasstranda/ Søre Lea, byrjar i i Vikane (Rørstadbotn) og sluttar i Eldalsosen. Å la Vasstranda byrja i Kirkelisundet er heilt misvisande. Det er å dele opp grenda på ein heilt ny og ukjent måte.Hestadgrend er og har vore ei og sjølvstendig, stor bygd med fin natur og er viktig i næringssamanheng. I gammal tid var også kyrkja på Øyra hovudkyrkje for denne delen av dalen, for å nemne det.  På sørsida går Hestadgrend frå Horsevik til og med Øvrestrand, og på nordsida frå Skudal grense til grensa mot Roska. Då er det lite klokt å lage til vegnamn som aldri har eksistert og på den måten dele grenda. Kanskje Hestadgrend Sør og Hestadgrend Nord kunne vere ei løysing på namneproblema, og la Vasstranda vere det ho verkeleg er.

Innlegget til Magnar Hellebust sluttar med: "Det er viktig å ta vare på nedarva namn og talemåtar når slike vegnamn skal avgjerast" Det er eg heilt einig i. Så lat oss gjere det.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags