Jobb vidare med å få fylkeskommunen til å vere med og ta større del av finansieringskostnadene

BOM: Trafikkmodellane ved dei ulike bompengeopplegga og satsane tyder på at trafikkgrunnlaget er for dårleg for bompengefinansiering. Ein bør difor jobbe vidare med å få fylkeskommunen til å vere med og ta større del av finansieringskostnadene, skriv artikkelforfattaren i si oppsumering av møtet om bompengeinnkrevjing på fv 57. Bildet viser krysset ved Osen bru.

BOM: Trafikkmodellane ved dei ulike bompengeopplegga og satsane tyder på at trafikkgrunnlaget er for dårleg for bompengefinansiering. Ein bør difor jobbe vidare med å få fylkeskommunen til å vere med og ta større del av finansieringskostnadene, skriv artikkelforfattaren i si oppsumering av møtet om bompengeinnkrevjing på fv 57. Bildet viser krysset ved Osen bru. Foto:

Av
DEL

MeiningarMåndag 17. juni og torsdag 20. juni skal kommunestyra i Fjaler og Gaular ta stilling til prinsippvedtak der dei gjev Statens vegvesen mandat til å gå vidare med konkretisering av finansieringsplanen for utbetringar av fv. 57 mellom Dale og Storehaug. Finansieringsplanen føreset delfinansiering gjennom bompengeinnkrevjing, og har skapt stor debatt på sosiale media blant innbyggjarar både i Fjaler og Gaular.

Torsdag 13. juni arrangerte NAF Avd. Fjordane og ytre Sogn eit ope møte om bompengefinansiering av fv. 57 i kommunestyresalen i Dale. Det var om lag 30 frammøtte, m.a. ordførarane i Fjaler og Gaular, samt kommunestyrerepresentantar frå begge kommunane. Det var ein intensjon å få med representantar frå Statens vegvesen som kunne seie noko om rapporten som ligg føre, men på så kort varsel lukkast vi dessverre ikkje med dette. Frå NAF si side presenterte vi såleis fakta frå rapporten før det vart opna for diskusjon.

Bente Liabø Thorsen

Bente Liabø Thorsen Foto:

Konklusjonane frå Statens vegvesen er i korte trekk at det sannsynlegvis ikkje er mogeleg å finansiere meir enn eitt delprosjekt gjennom innkrevjing av bompengar. For å få ei kostnadseffektiv innkrevjing er det heller ikkje tilrådd bompengetakst under kr 60,- for kvar passering. Er bompengetaksten lågare enn dette vil drifts- og administrasjonskostnadane verte for høge i høve kva ein får bygd veg for. Det vert vidare tilrådd å få utbetra ein heil delstrekning med fullgod tofelts veg framfor å nytte midlane til mindre utbetringar på fleire parsellar.

Same dag som vi arrangerte møte vedtok formannskapet i Gaular å ikkje gå inn for ein bompengetakst på meir enn kr 30,- pr. passering. Grunngjevinga er at dersom det kjem ein bom, vil den uansett verte plassert slik at den får store ringverknader for jobb- og fritidsaktivitetar lokalt. For jobbreiser kan ein få skattefrådrag som kan kompensere for noko av ulempene, men det får ein ikkje for fritidsreiser.

Samanfatta frå diskusjonane i møte kan vi trekkje følgande konklusjonar:

  • Det er brei semje om at noko må gjerast med vegen. Fleire uttrykte bekymring for om vegen i det heile vil halde i 15 år til, med forventa auke i tungtrafikk dei komande åra og klimaendringar. Om vi seier nei til bompengefinansiering av vegen no, vil ei opprusting før eller sidan tvinge seg fram uansett. Vegeigar har eit ansvar for at vegen er framkomeleg.
  • Dei skisserte månadskostnadane vert for høge, særleg for familiar der begge vaksne pendlar til Førde og er avhengig av to bilar, men også for dei som skal delta på fritidsaktivitetar, levere på skule, i barnehage m.m. og må passere ein eller fleire bomstasjonar. Med ein bompengetakst på kr 30,- for kvar passering vil sannsynlegvis ikkje bompengeinnkrevjinga verte kostnadseffektiv nok. I møte kom det også tydeleg fram frå ordførarane at dei hadde fått beskjed om at månadstak på passeringar eller innføring av timesregel ikkje var aktuelt.
  • Trafikkmodellane og anslått avvisingsgrad ved dei ulike bompengeopplegga og satsane tyder på at trafikkgrunnlaget er for dårleg for bompengefinansiering. Ein bør difor jobbe vidare med å få fylkeskommunen til å vere med og ta større del av finansieringskostnadene, slik at det vert mogeleg å bygge ut meir veg til fullgod tofelts standard heilt frå Setenes til Storehaug.
  • Statens vegvesen seier i sin rapport at det truleg ikkje er mogeleg å få finansiert meir enn ei delstrekning med bompengar. Dei frammøtte gav uttrykk for at ein får relativt lite god veg att for pengane i høve den høge summen dei må betale. 
  • Politikarar som var i møtet og som også sit på Fylkestinget, viste til at fv. 57 no ligg på 4.-plass på prioriteringslista i regional transportplan (RTP) og at det er svært dyre prosjekt som ligg føre i køen. Samstundes skal det lagast ny RTP i samband med fylkessamanslåinga, slik at prioriteringane kan verte endra og fv. 57 kan verte prioritert endå lågare ned på lista. Ei brukarfinansiering av fv. 57 i tillegg til dei 60 millionane som allereie er løyvd, gjer at ein kan kome i gang med arbeidet, og så håpe på at det kan kome fylkeskommunale midlar til å få utbetra meir av vegen.
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags