Bygstad treng ny veg

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEg les i sosiale medium, Firda og Gaular kommune si postliste at det er komme mange innspel i samband med planlegging av ny veg gjennom bygda. Det er bra at det er mange som engasjerer seg i dette og ønsker å komme med tilbakemeldingar på korleis bygda vår skal utvikle seg.

Vegen gjennom bygda er ein del av ei vidareføring av prosjektet Dalsfjordbrua. Heile prosjektet heiter FV 57 Dale–Storehaug med bru over Svesundet. Prosjektet ligg no på 2.-plass på fylkeskommunen si prioriteringsliste. Statens vegvesen har berekna at trasévalet med bru over Svesundet er det som er best samfunnsøkonomisk, og fylkestinget har bestemt at det er dette alternativet ein skal gå for.

Eg ser at det er nokre som meiner at ein bør legge vegen via Lenninga/Osen/Sygna mot Sande. Det har eg ikkje trua på. Resultatet av det, er at vegen til Bygstad aldri vil bli utbetra. Då kjem Bygstad lengst ned på lista med fleire hundre andre vegar føre oss i køen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, og det er hard kamp om midlar. Går vegen via Osen/Sande/Sygna vil framleis innbyggarane på Bjørvikstanda måtte via Saltkjelen for å komme til skule/barnehage og andre gjeremål i Bygstad. Dei høyrer og til Bygstad sokn!

Dei fleste innspela som er komme inn til kommunen i denne høyringsrunden er positive til ny veg gjennom bygda, men mange er skeptiske til å få ein ny veg som går «mellom husa». Eg håpar at vi klarar å samle oss om ei løysing som vil skape best mogleg utgangspunkt for vidare utvikling av Bygstad og omland.

Eg veit ikkje i detalj kor vegen bør gå, men ser at John Øvrebø er positivt til å flytte brua lenger aust. Han er grunneigar her også. Vidare trur eg at ein bør vurdere å legge vegen via Eiaåsen og på sørsida av elva oppover forbi Fauske og koplar seg på dagens vegtrasé igjen på Hjelmeland/Åsekrysset. Det er viktig å ha fleire av/påkøyringsmoglegheiter mellom gammal og ny veg. Dagens veg vil då bli ein grendeveg med betydeleg mindre trafikk. Legg ein vegen her, vil det ikkje vere nødvendig med gang- og sykkelveg frå skulen til Hjelmeland, og ein treng bygge færre kortare vegstubbar for å samle avkøyrslar. Kanskje vil det og bli ei billigare utbygging enn det som er føreslege? Dette trasevalet vil i tillegg bruke mykje mindre dyrka jord.

I samband med ny veg gjennom bygda må ein få på plass ein overordna plan over korleis ein vil utvikle Bygstad. Eg tenker spesielt på området mellom skulen- samfunnshuset-kyrkje og bedehuset. Dette området har etter mi meining eit stort potensial for positiv utvikling. T.d. er det for lite parkeringsplassar for større arrangement og for lite plass til å arrangere uteaktivitetar i samband med arrangement i desse bygningane. Det er og viktig med god tilkomst til eksisterande bedrifter som MM Øvrebø, O.A. Lunde, Tønna, Yndestad Mekaniske og Haugsbø Bil.

Eg har stor tru på positiv utvikling for Bygstad i framtida. Vi har mange kvalitetar: flotte tomter til ein gunstig pris, god barnehagedekning, flott skule, gode moglegheiter for ulike typar jobbar i pendleavstand, kort veg til flyplass og flotte moglegheiter for aktivitet ute i det fri både sommar og vinter. I nye Bygstadhaugane ligg det mange tomter klare for sal, men folk kvir seg for å busette seg der på grunn av vegstandarden. Med ny veg vil Bygstad bli ein enno meir attraktiv plass for unge til å etablere seg og gje skikkeleg fart på folketalsutviklinga!

Bygstad treng ny veg! No må vi få greia ut eit alternativ som innbyggarane kan ha større glede og nytte av enn det som no ligg føre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags