Gamlebanken – eldresenter og fredssenter?

KRIGSHISTORIE: Førde har ei omfattande lokal krigshistorie som enno ikkje er så godt kjend av nye generasjonar, skriv Egil Hjelmeland. Han ønsker at Gamlebanken blir både eldre- og fredssenter.

KRIGSHISTORIE: Førde har ei omfattande lokal krigshistorie som enno ikkje er så godt kjend av nye generasjonar, skriv Egil Hjelmeland. Han ønsker at Gamlebanken blir både eldre- og fredssenter. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det er flott at Førde Pensjonistlag ønskjer eit Seniorsenter i Gamlebanken. Dagunn Klakegg målber gode argument i sitt innlegg på Synspunkt i Firda 29. februar.

Ho meiner kommunen synest å gløyme dei eldre som ønskjer ein sosial møteplass i alderdomen. Ho meiner og at det er viktig at eldreorganisasjonane er i stand til å samarbeide og koordinere ønskje og aktivitetar. Førde har og til no mangla ein stad der nye generasjonar har fått informasjon om 2. verdskrig generelt og om Førde si krigshistorie spesielt?

Kan eit Seniorsenter kombinerast med eit Fredssenter? No har mange av oss eldre snart opplevd heile 75 år med fred og fridom i landet, utan at Førde har eit lokale der viktig historisk informasjon rundt ein krig som tok livet av 72 millionar menneske, kan formidlast til nye generasjonar. Innslag av fascisme og antisemittisme i enkelte miljø, gjer informasjon stadig viktigare.

Historia om 2. verdskrig er ein viktig del av vår felles identitet og må ikkje gløymast. Frå Førde omkom åtte personar ulike stader på grunn av krigen. I aprildagane i 1940 mobiliserte 126 frå Førde. Om nye generasjonar fekk høyre om innsatsen til alle desse som var villige til å ofre seg i kamp for fred og fridom, der bestefar, eller oldefar tok del, ville vere ein viktig stimulans til ungdom som sjølv skal avtene verneplikt, som i dag lyt avtenast av begge kjønn.

Førde har ei omfattande lokal krigshistorie som enno ikkje er så godt kjend av nye generasjonar. Etter Måløyraidet 3. juledag i 1941, der 18 omkom av landgangstyrken og 150 tyske, vart Førde hovudsentralen for kontroll av tysk trafikk langs Norskekysten. Leiinga brukte dei to tunnelane i Hafstadfjellet på Hafstad ved Burmavegen som hovudsentral.

Historia om Den Svarte Fredagen, det største luftslaget over Noreg under 2. verdskrig, er meir kjent i fleire andre land enn i Noreg. Førde har om lag 30 FN-veteranar som er ein ressurs i høve teneste for fred i utlandet. I dag har Førde att berre ein krigsveteran som tidsvitne etter 2. verdskrig. Tidlegare ordførar Reidar Tveit, som saman med fleire andre frå Førde overlevde fleire år i tyske konsentrasjonsleirar.

Sidan eit Fredssenter vil presentere informasjon på ein del ledige vegger, vil det kunne danne ei naturleg ramme for eit Seniorsenter, sidan dei eldre er nærast krigen sine minne og kan mest om det historiske. Avtalte vitjingar av skuleklassar vil kunne møte erfarne seniorar som kan formidle viktig lokalhistorie til nye generasjonar.

Med fleire ballar er det enklare å skåre mål. Kanskje kan Gamlebanken bli både eit Seniorsenter med ulike aktivitetar tilpassa dei eldre, men og eit Fredssenter, som formidlar informasjon som tek sikte på å heidre dei som bygde landet og la grunnlaget for vår fred og fridom.

Det vesle «glimtet» av heider til dei falne i dag, finn ein på ei halvt bortgøymd tavle i skogen ved stien til Kletten på Hornnes.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags