Fylkesveg 57 - alternativ trasé om Osen bru

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDet har vore mykje diskusjon rundt valg av trasé for utbetring av Fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug og då særleg den delen som er tenkt å gå gjennom Bygstad. Ei løysing med bru over Svædsundet har vore vurdert som den beste løysinga av mange, sjølv om den er omdiskutert sidan den går rett gjennom bygda og påverkar mange på godt og vondt.

Ser vi isolert på kort avstand/reisetid mellom Dale og Storehaug så er det ingen tvil – bru over Svædsundet vil bli den kortaste og raskaste vegen; cirka 4.2 km kortare enn dagens kortaste veg om Åse og Hjelmeland (ref. Statens Vegvesen sin rapport frå 2011).

Det er likevel fleire ankepunkt mot ei slik løysing, og under refererer eg til alternativene som er omtalt i Norconsult sin silingsrapport (merk: kostnader har ein nøyaktighet på ± 40 %):

  • For å praktisk kunne få til ei løysing på sørsida samstundet som ein fylgjer reglane til Statens Vegvesen må det byggast ei tunnel i frå Båtevika, eventuelt heilt ute i frå Gryta. Alle løysingane som er foreslått i Norconsult sin rapport vil medføre at ein treng ein påkøyringsveg til/frå Osen som vil ligge på vestsida av tunnelen. Ei slik påkøyringsveg kan medføre at Båtevika blir rasert i tilfelle kortaste tunnel blir valgt (A1). Dermed ynskjer mange at løysing med lengst tunnel blir valgt. Dette medfører igjen at kostnaden for denne delen auker frå cirka 170 MNOK til 380 MNOK.
  • Ei bru vil heller ikkje være særleg praktisk for dei som bur i området rundt Osen sidan dei får ein kraftig omveg når dei skal inn til Bygstad (om dei vil unngå å bruke Saltkjelen).
  • Vegen mellom Bygstad og Sande blir lengre enn i dag for dei fleste som bur på nordsida av fjorden i Bygstad. Dette er eit viktig poeng når ein tenker på felles ungdomsskule på Sande samt at barneskuleelevane i Bygstad reiser til Sande for å dra på bading.
  • Sjølve brua vil også skape konflikt, særleg for dei som bur i området Svædsundet. Den vil også stenge indre del av dalsfjorden for seglbåter og andre større båter, samt at den kan opplevast som eit visuelt framandelement i ei vakker fjord.
  • Frå Svædsundet er det tenkt ny veg oppover dalføret opp til Yndestad, der den deretter følgjer meir eller mindre dagens trasé opp til Hjelmeland og videre til Storehaug (alt. C1).
  • Alternativt er det også utgreia ei løysing der vegen frå Svædsundet går opp forbi gravplassen og deretter inn i Eidaåsen i ein tunnel på over 1km. Den vil då komme ut eit godt stykke lengre opp i dalen enn Bygstad skule og deretter følge sørsida av dalen opp mot Hjelmeland (alt. C2/C3).
  • Det kan tyde på at C1 løysinga vil skape mest konflikt der den vil komme nærast på husa til folk oppover dalen og ta mykje god matjord, men det er samstundes dette alternativet som inntil vidare ligg inne i kommunen sin reguleringsplan. Alternativ C2/C3 vil medføre mindre konflikt men med betydeleg høgre kostnad – C1 til 270 MNOK, C2 til 520 MNOK og C3 til 540 MNOK. Forskjell i pris er hovudsakeleg grunna tunnelen som er vurdert for alternativ C2 og C3.

Konklusjonen min på det som eg har nevnt over er at det vil vere mykje grobunn for konflikt med desse løysingane, der nokre alternativ vil gje meir konflikt enn andre. Dersom ein ynskjer å redusere konfliktpotensialet mest mogleg så er det naturleg å tenke – vi må velge løysingane som gir minst konflikt. Men då blir også totalkostnadene for prosjektet betydelig større enn «minimumsløysinga» som ligger inne i Norconsult sin rapport. Minimumsløysing: 170+200+270=640 MNOK, «minst konflikt»-løysing: 380+200+520=1100 MNOK. Auka i kostnader blir så stor ved å velge dei dyraste alternativa at det vil være timeleg å spørje: Kan det være andre alternativ som ikkje innbefatter bru over Svædsundet som vil være mindre konfliktfylt samstundes som det kostnadsmessig kan samanliknast med minimumsløysinga til Norconsult?

Norconsult sitt mandat for silingsrapporten har vore å sjå på løysinger som innbefatter bru over Svædsundet. Ulempen med dette er at ein då ikkje får vurdert alternative løysinger som kan være tilnærma like gode, men med noko lengre pendlerveg mellom Dale – Storehaug. Valget om å sjå på berre løysinger som innbefatta bru over Svædsundet kom som eit resultat av ein rapport som Statens Vegvesen skreiv i 2011. I denne vart også andre alternativ greia ut, blant anna utbetring av veg over Åse og omkøyring om Døskeland eller Sande. Løysinga med Svædsund-bru vart valgt framfor dei andre sidan det var det kortaste alternativet og samstundes billegare enn å oppgradere vegen om Åse. Forskjellen låg på rundt 80 MNOK. Konklusjonen frå rapporten i 2011 var: «Den viser at Svesundet er best, under føresetnad av at det er mogeleg å finansiere eit så dyrt anlegg. Dette konseptet bør derfor leggjast til grunn for det vidare arbeidet.»

Samanlikner vi bru over Svædsundet mot dei alternativene som kan brukast i dag får vi følgande omtrentlege avstander, Dale-Storehaug:

* Via bru i Svædsundet: 24km (kortaste alternativ)

* Via Åse, dagens trasé: +4km

* Via Døskeland, dagens trasé: +7km

* Via Sande, dagens trasé: +11km

Som ein følge av oppstillinga over ser vi at alternativ der ein tenker å gå via Døskeland eller Sande vil bli betydelig lengre enn ei bruløysing over Svædsundet. Dersom vi tenker på å redusere reisetida mellom Dale – Førde så er ikkje veg om Alværa eller via Sande farbare alternativ.

Mitt alternative forslag samsvarer meir eller mindre med løysinga som Bjørn Nistad kom med i Firda 19.februar i fjor. Det går på å ruste opp dagens trasé mellom Helle og Osen, eventuelt med ein lengre tunnel i Båtevika dersom det vurderast som nødvendig.

Frå Osen køyrer ein over dagens bru og fortsetter rett fram på vegen mot Åse/Hjelmeland. På denne staden er det omtrent 14 m.o.h. Her må ein ganske umiddelbart ta av med ny veg til venstre og inn i tunnel som går gjennom Eidaåsen og ut igjen ved Lona på omtrent 55 m.o.h. Lengda på ei slik tunnel vil ligge på rett over 800 meter (sjå vedlagt kart). Dette gir ei stigning på cirka 5% som er maksimal stigning i tunnel.

Ut frå tunnelen vil vegen deretter gå inn mot C2-traséen som er foreslått opp mot Hjelmeland/Perhaugen. Det kan være nødvendig at hovedvegen går over Lona før avkøyring ned mot Yndestad Mekaniske/Bygstad skule (sjå vedlagt kart). Hovedvegen må moglegvis gå inn i ein forholdsvis kraftig sving for å unngå for bratt stigning i retning Søre Fauske, men dette må utgreiast. Dette er ikkje optimalt, men kan løysast med midlertidig lågare fartsgrense forbi dette korte partiet. For å redusere trafikkmengden på gamlevegen mellom Bygstad og Hjelmeland kan det være fornuftig å ha ein påkøyrsel inn på nyevegen med bru over elva rett vest for Hjelmelandsvatnet.

Forslaget mitt vil sjølvsagt ha nokre utfordringer som eg kanskje ikkje ser no. Men eg synest at det er verdt å utgreie forslaget vidare. Det som er viktig for å få framgang med prosjektet "FV 57 - Dale - Storehaug" er at vi i Bygstad kan greie å samle oss om eit alternativ. Med forslaga som kom frå silingsrapporten så trur eg dette kan bli krevjandes, trass i at eit alternativ med kortare tunnel på C2/C3 er blitt foreslått.

Løysinga med tunnel frå Osen vil ha mange fordeler:

  • Mellom Båtevika og Osen vil trafikken gå på den strekninga som den allereie går på, dermed blir det ikkje introdusert ny veg på denne sida men den eksisterande vegen vil bli oppgradert. Det kan også vurderast å legge ei tunnel på rundt 700 meter rett etter Båtevika, ref. rapporten frå Statens Vegvesen i 2011. Aksen Dale - Sande vil dermed få ei flott og komplett veg.
  • Det meste av konfliktpotensiale samt tap av jordbruksareal vil bli unngått i sentrum av Bygstad inkludert Svædsundet, samt oppover mot Perhaugen (i tilfelle valg av alternativ C1).
  • Dei som bur i Osen vil få ein mykje betre og kortare veg til Bygstad skule/barnehage.
  • I praksis vil ingen ha behov for å nytte Saltkjelen i det daglege. Dette er ei strekning som reknast som rasfarleg og som det dagleg går skulebusser gjennom. Utfordringa med Saltkjelen vil dermed være løyst og det vil være mogleg å gjere denne om til turveg (stenge den for normal trafikk).
  • God tilgang og kort veg til den nye Bygstadhallen som er planlagt ved Bygstad skule frå alle retninger (Dale, Sande, Førde). Folk i Bygstad vil også ha god tilgang til aktiviteter på Sande, til dømes i Gaularhallen.
  • Eg vil anta at prisen på vegen blir betrakteleg billegare enn dei «konfliktreduserande» forslagene som Norconsult har utreda, 1100 MNOK. Som ein konsekvens av dette – mindre kostnader for brukarane med tanke på bompenger (lågare pris, eventuelt kortare nedbetalingstid).

Ei ulempe vil være at traséen mellom Dale – Storehaug blir cirka 2 km lengre enn ved å velge bru over Svædsundet, men med lågare pris, mindre konfliktpotensiale og meir optimalt for fleire brukere/ulike akser så meiner eg at dette meir enn oppveier noko lengre avstand mellom Dale – Storehaug. 2 km lengre betyr i praksis maksimalt 2 minutt ekstra.

Fordelen med ei slik løysing framfor å oppgradere vegen om Åse vil vere at pris og lengde gjerne kan bli tilsvarende som for ei Åse-løysing, samstundes som sentrum av Bygstad kan dra nytte av nyevegen. Vegen om Åse har også utfordringer med fleire parti som er rasfarlege noko som kan gjere det krevjande og dyrt å få til ei sikker ny gjennomfartsveg.

Alternativ frå kommunen/Norconsult som gir minst konflikt - alternativ A3 i Båtevika, bru over svesundet, alternativ C2 gjennom Bygstad.

Alternativ frå kommunen/Norconsult som gir minst konflikt - alternativ A3 i Båtevika, bru over svesundet, alternativ C2 gjennom Bygstad.

Alternativ med tunnel-innslag frå Osen

Alternativ med tunnel-innslag frå Osen

Nedenfor forsøker eg å oppsummere nokre omtrentlege avstander der eg har forsøkt å vise betydningen for ulike lokale brukere av vegen:

Bygstad skule -> Sande skule:

  • Via bru i Svesundet: 18.8km (ved innslag på Gryta)
  • Via tunnel i Osen: 12.2km

Osen -> Bygstad skule:

  • Via bru i Svesundet: 8.6km (ved innslag på Gryta)
  • Via tunnel i Osen: 2km

Bjørvikstranda -> Bygstad skule:

  • Via Saltkjelen: 11km (dagens alternativ)
  • Via bru i Svesundet: 6km
  • Via tunnel i Osen: 9km

Som ein ser vil dei som bur på Bjørvikstranda få noko lengre veg til skule og barnehage i Bygstad, men ei løysing via tunnel i Osen kan samstundes bli omtrent 2 km kortare enn i dag. Og 3km ekstra på ein god og sikker veg bør vere greit. Dei som bur i området Svædsundet – Bygstadhaugane vil også få lengre veg til Dale med tunnel-løysinga om Osen, men samstundes vil dei sleppe at det går gjennomgangstrafikk rett forbi husa.

Heilt til slutt: Det er ikkje berre Bygstad som skal få ny veg, eller Dale eller nokon andre. Det skal være ein veg som skal vere til nytte for heile regionen, samstundes som ein tek omsyn til bumiljø, økonomi, sikker veg, landskap og ulike verneinteresser. Alternativet med tunnel frå Osen oppfyller desse krava godt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags