– Mi bøn er at dette går til helvete

Av

Les Ove Farsund sitt innlegg

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevEg blir lei meg på dine vegne. Fleirtalet i fylkestinget, ditt eige fylkesting, meiner du ikkje er god nok. Ikkje ambisiøs nok. Ikkje sterk og stor nok. Ikkje handlekraftig nok. Ikkje moderne nok. Ikkje robust nok.

Når du vert større, får vi større vegar, større skular, større karakterar og større pengar. Større bønder også kanskje. Større skibakkar. Større butikkar. Større demokrati! Kan konkurrere med Oslo. Viss Bergen får bestemme. Bjørgvin. Dansketida.

Du mitt kjære Sogn og Fjordane. Du sogning,sunnfjording og nordfjording. Du er min referanse. Min identitet. Min stoltheit.

Merkevare. For dei som er opptekne av slikt, er du nettopp blitt det. Trivselsfylke. Skulefylke. Småskalafylke. Norges Sveits. Dette er noko å bygge på. Sjå Sogndal. Askeladden i fotball. Snø og høgskule i skjønn foreining. Kunnskapsklynge.

Skal barnebarna mine sitte og høyre bestefar fortelje dei om dette fenomenet, dette paradiset som ikkje kunne tolast? Som ikkje var straumlinjeforma slik departement og endringskåte politikarar ville ha det?

Men når vårsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liderna grønka som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når næter er ljosa som dagar,
kann han ingenstad vænare sjå.

Mi bøn er at denne regionreforma går til helvete. Heldigvis ser det slik ut,i alle fall på landsbasis.

Ove Farsund

Førde

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags