Året 2016 og framtida i Sogn og Fjordane

Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevMange av oss er no inne i den delen av året der vi har tid og energi til å reflektere litt ekstra over det som har vore, og ikkje minst det som ventar oss i det nye året. Romjula skal vere ei stille tid, ei tid for fellesskap, varme og nærleik med dei som betyr mest for oss.

Dei fleste av oss har det godt på vår trygge del av jorda. Men i det som mange reknar som Vesten si vogge, Aleppo i Syria, går det føre seg eit blodband verda ikkje har sett maken til sidan folkemordet i Srebrenica. Det kjennest makteslaust å ikkje kunne gjere meir for folk i så stor naud. Desperasjonen og resignasjonen i blikka til små ungar som har mista familien sin er så hjarteskjerande at det er vanskeleg å ta innover seg. Mitt ønske er at vi alle tek i mot dei som kjem hit frå dette området med opne armar, tillit og varme slik at dei igjen kan få trua på det gode i menneska. Så er det også mi von at verdssamfunnet stiller opp i enda større grad framover.

Sogn og Fjordane hatt ei god folketalsutvikling i 2016. Vi har den største veksten på Vestlandet og er blant dei fem fylka med størst folketalsvekst i landet. Berre Oslo, Akershus, Vestfold og Sør-Trøndelag har ein sterkare prosentvis vekst.

Året 2016 har vore eit travelt, men også kjekt og utfordrande år prega av store, viktige og historiske saker for fylket vårt. Vi har etter harde, men også gode og konstruktive diskusjonar, landa både Fjord1-saka og regionreforma. Eit samrøystes fylkesting vedtok å selje aksjar i Fjord1 til ein god pris og ein avtale som sikra hovudkontor og styring i Florø. I regionreforma har vi gått inn i diskusjonen med ambisjonar og tru på at dersom Vestlandsregionen vert eit faktum, så skal Sogn og Fjordane vere ein sterk part. Eg trur på framtida til fylket anten innanfor dagens grenser, eller som del av ein ny region.

Som mange av dykk kjenner til, sa Rogaland nei til intensjonsavtalen. Difor går vi no vidare med nye forhandlingar med Hordaland på nyåret. Hordaland ønsker Haugalandet velkommen, medan vi vonar at det framleis kan vere ei opning for at anten heile eller delar av Møre og Romsdal vert med i den same regionen som oss.

Vi har vore veldig tydelege til Storting og regjering på at ein føresetnad for regionreforma er ei massiv overføring av oppgåver, makt, myndigheit til dei nye regionane. Det er det einaste som kan gjere dette til ei reell reform med innhald, og som kan vere med på å styrke det regionale demokratiet.

Det må vere årets juleverkstad for regjeringa og statsråd Sanner å lage ein plan for utflytting av statlege arbeidsplassar. Det vil vere eit viktig grep for å oppnå ei balansert utvikling i busettinga i landet. Ei utflytting av statlege arbeidsplassar er viktig for både variasjon i arbeidsplassane i distriktsfylka og større mangfald i arbeidsplassar som krev høgare utdanning.

Fylkeskommunen har også i år hatt tunge økonomiske skyer hengande over seg, noko som har ført til kutt i delar av tenestetilbodet. Sterk reduksjon i inntektene våre, har ført til at vi har måtte både kutte kostnadar og sette i verk tiltak for å auke inntektene. Nedskjeringar i tenestene er absolutt ikkje noko vi set pris på, men når vi har ansvaret for å styre fylket, må vi stå oppreiste og få budsjettet i hamn også i tider der handlingsrommet minkar. Det må uansett ikkje herske tvil om at vi snur kvar stein for å unngå at vanskelegare økonomiske tider får uheldige konsekvensar for tenestene våre.

Eit rikt kulturliv er for mange avgjerande for om dei oppfattar eit samfunn som attraktivt å bu i. Sogn og Fjordane er eit mangfaldig kulturfylke med profesjonelle aktørar innanfor både musikk, teater og frivillige arbeid. Kulturen er det som motiverer oss og gjev oss påfyll utover det som er vårt daglege virke.

Arbeidet for viktige samband, både til lands, til sjøs og i lufta, vil alltid stå sentralt for utviklinga av Sogn og Fjordane. Vi må gjere det vi kan for å bygge ned avstandsulempene. Å etablere sentrum som demmer opp mot utflytting og etablere naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionar, er ein måte å skape vekst og framtidstru på.

Spennvidda vi har i ulike næringar i dette fylket, er med å gjere oss mindre sårbare enn andre regionar. Ein midlertidig nedtur i ei næring kan kompenserast ved ein opptur i ei anna næring. Alle piler peikar ikkje i same retning på same tid. Difor er det viktig at vi har eit differensiert næringsliv, som samarbeider på tvers og lærer av kvarandre, men som samtidig har eit særpreg og ein eigenart som gjer at vi ikkje står på bar bakke i dårlegare tider. Sogn og Fjordane har eit slikt næringsliv, og det skal vi bygge vidare på.

Fylket vårt må ta leiarskap i den grøne omstillinga. Fylkeskommunen har saman med næringslivet starta arbeidet med å etablere ei verdikjede for å ta i bruk hydrogen som energiberar. Slik kan fylkeskommunen gå føre og ta ei viktig utviklingsrolle. Vi har store fornybare ressursar, som kan utviklast både innanfor kraftkrevjande industri, men også i nye næringar som til dømes datalagringssenteret i Lefdal Gruve. Om vi skal lukkast med å tilpasse oss eit samfunn med vesentleg mindre utslepp, må vi arbeide målretta for å involvere næringslivet. Utdanning og teknologiutvikling vil vere og er allereie eitt av dei viktigaste områda vi kan satse på.

Det skjer utan tvil mykje spanande næringsutvikling i det ressursrike fylket vårt. Oppdrettsnæringa går godt, og satsing på fiskerinæringa er difor viktig for både verdiskaping og arbeidsplassar.

Det er heilt sentralt å støtte opp om dei maritime og marine klyngene innanfor fiskeri, shipping og havbruk langs kysten og i resten av fylket. Rolla til fylkeskommunen er å drive effektiv arealplanlegging, bygge infrastruktur og satse på utdanningar som fører til rekruttering inn i dei maritime næringane.

Norsk tradisjonsmat står for mange i sentrum av julefeiringa, og bøndene våre bidreg til at vi kan ta i vare dei rike mattradisjonane våre. Eg vil i det nye året vere klår på kva som er forventningane mine til landbruksmeldinga, som skal komme både produsentar og forbrukarar til gode. Meldinga har fått tittelen «Endring og utvikling», ein svært passande tittel for ei næring som meir enn nokon har stått for nettopp endring og utvikling over lang tid. Næringa sjølv seier dei vil halde fram med å vere garantist for vidareutvikling. Men dei ropar også varsku på ein del område, mellom anna om signala om færre reguleringar, meir marknadsstyring og kutt i mjølkekvoteregionar og fjerning av samvirkebaserte marknadsordningar. Det er eit tydeleg åtak på dei viktigaste berebjelkane i landbruket, og eg håpar inderleg at Stortinget lyttar til næringa.

Eg går inn året 2017 med framtidstru og pågangsmot. Eg ser fram til å treffe og prate med deg som bur i Sogn og Fjordane. Takk til dykk alle for året som har gått, og ha ei fredeleg og høgtidsstemt romjul og eit godt nytt år!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags