Treig fv. 57 gjennom Bygstad?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDebatten går no om traseen for fv. 57 Dale–Storehaug. Laurdag 13.01.18 kan vi lese i Firda om Arve Helle si uro for «ein trase som ser ut til å bli Norge lengste 60-sone». Helle sitt hovudpoeng er at dette skal vere ein regional veg, som i hovudsak skal gje store delar av HAFS rask og effektiv tilgang til Førde, flyplassen og E39. Han fryktar at ein veg gjennom bygda vil opplevast som treig.

Litt enkel matematikk viser oss at det i realiteten ikkje er så stor skilnad i tidsbruk om farten er 60 km/t eller 80 km/t over ein kortare strekning.

Dersom vi seier at strekninga Bjørvikstranda–Storehaug er 16 km, vil det ta 16 minutt å køyre den om snittfarten er 60 km/t. Dersom farten er 80 km/t vil tida bli 12 minutt. Er avstanden 20 km vil skilnaden i tid bli på 5 minutt. Så kan ein sjølvsagt diskutere om dette er vesentleg. Men dersom ein òg skal ta andre omsyn, meiner eg at denne skilnaden i tid ikkje bør tilleggjast vesentleg vekt ved val av trase for fv. 57.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags