Målretta satsing på frivillige i Sunnfjord

LEIAR: Åge Avedal er leiar i Sunnfjord Venstre, og ein av artikkelforfattarane.

LEIAR: Åge Avedal er leiar i Sunnfjord Venstre, og ein av artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 frivillige lag og organisasjonar. Dei er berebjelken i samfunnet vårt og viktige i møtet med framtidas utfordringar. Likevel har vi ingen plattform for frivilligheit, ein heilskapleg frivilligheitspolitikk som løftar det inn som ei viktig satsing. Frivillige tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse, samfunnstryggleik og inkludering. Dette må vi ta vare på og utvikle!

Frivillige skapar aktivitet, samhald, trivsel, felles opplevingar og identitet. Norgeskartet som Frivillighet Norge har laga avslører at verken Førde, Naustdal, Gaular eller Jølster har plattform eller plan for frivilligheita i dag. Berre Flora og Eid kommune lyser grønt på kartet. Dei 24 andre kommunane i fylket lyser raudt, og er dermed i kategorien «Har ingen frivillighetspolitikk».

Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar kroner, eller nærare 150 000 årsverk. I Sogn og Fjordane står frivillig sektor spesielt sterkt, og tal frå kulturindeksen for Sogn og Fjordane 2017 viser at vi ligg godt over landssnittet når det gjeld frivillig innsats.

Det bør vere ei viktig oppgåve for politikarane i det som skal bli Sunnfjord kommune å legge til rette slik at samarbeidet og dialogen mellom frivillige og kommunen blir god. Det må også hentast inn kunnskap om det store mangfaldet av tilbod og tenester ein finn innan frivillig sektor, og det må setjast av midlar til å støtte opp om arbeidet.

Sunnfjord Venstre er glade for å ha fått bystyret i Førde kommune med på eit samrøystes vedtak der vi ber fellesnemnda for den nye kommunen om å løfte politikk for frivilligheita inn som ei viktig satsing i Sunnfjord kommune. Dette skal vi følge opp. Frivilligheita i Sunnfjord er for viktig til å la vere.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags