Auka samspel mellom kommunar og frivillige

MANGFALD: Vi har eit mangfald av festivalar, idrettsarrangement, kulturarrangement og sosiale og inkluderande aktivitetar og tiltak som vi er stolte av, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå countryfestivalen i Breim.

MANGFALD: Vi har eit mangfald av festivalar, idrettsarrangement, kulturarrangement og sosiale og inkluderande aktivitetar og tiltak som vi er stolte av, skriv artikkelforfattarane. Bildet er frå countryfestivalen i Breim. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSogn og Fjordane og Noreg er rå på frivillig arbeid. Vi har ein flora av frivillige organisasjonar med tusen på tusen av medlemer og leiarar som stiller på og tek tak – kvar dag året rundt. Vi har eit mangfald av festivalar, idrettsarrangement, kulturarrangement og sosiale og inkluderande aktivitetar og tiltak som vi er stolte av.

Men har vi ein heilskapleg politikk for frivilligheita? Er samspelet mellom kommunar og frivillige organisasjonar godt nok? Kjenner det offentlege til alle ressursane som finst i frivillig sektor? Og veit dei frivillige organisasjonane og alle eldsjelene om kva det offentlege kan hjelpe med?

19. november inviterer Frivillighet Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune til konferansen Kommunar og frivilligheit i samspel på Sandane. Alle som er aktive i ein frivillig organisasjon, er politisk engasjerte eller jobbar i kommune eller frivilligsentral, er inviterte til konferansen. Målet er auka frivillig engasjement og tettare samspel mellom frivilligheita og det offentlege. Vi vil at fleire kommunar skal vedta ein overordna, heilskapleg politikk for frivilligheita.

Frivilligheita er stor i Noreg og i Sogn og Fjordane. På landsbasis er det rundt 10 millionar medlemskap i om lag 100 000 lag og foreiningar. I følgje Frivillighet Norge sitt Frivilligheitsbarometer 2019 deltok 64 prosent av befolkninga i frivillig arbeid det siste året. Denne innsatsen utgjer nesten 150 000 årsverk. Det blir skapt verdiar for over 130 milliardar kroner årleg i frivillig sektor, i følgje Statistisk sentralbyrå.

Av dei som ikkje har deltatt i frivillig arbeid siste året, seier halvparten at dei kunne tenke seg å jobbe frivillig for ein aktivitet eller ei sak dei er opptatt av. Det betyr at mange fleire vil og kan tenke seg å vere frivillige! Ein heilskapleg politikk for frivillig sektor – ein strategi, plan eller ei plattform – vedteke av kommunestyret i dialog med og etter innspel frå frivilligheita, kan vere med å auke den frivillige innsatsen.

I Sogn og Fjordane er det i dag berre Eid kommune og Flora kommune som har vedteke ein heilskapleg politikk for frivilligheita. Vi er no i ei tid der alle kommunar skal lage nye planar og strategiar for dei komande fire åra. Det er òg mange kommunar som slår seg i hop. Det er ei god tid for å løfte frivilligpolitikken!

Frivillige skapar aktivitetar, samhald, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering. Auka samspel og ein overordna frivilligpolitikk er viktig og nødvendig for å styrke både kommunane og frivilligheita.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags