Turstiar og naturinngrep

Bygging av turveg frå Førde sentrum til Hafstadfjellet.

Bygging av turveg frå Førde sentrum til Hafstadfjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevEg vil gjerne takke deg Helge Schei for at du sette ord på dei same tankane eg går med om tilrettelegging av turstiar. Det er ikkje berre i Førde ein kan oppleve store maskiner ute i marka som skal gjere ein jobb for å lage til nye turstiar.

På Sandane held dei på med ein ny sti som heiter Trivselsskogen. Den skal gå i frå E 39 og opp til utsikten i Engesetåsen. Ideen er god den, men frustrasjonen kom då eg fekk sjå maskinene og all den pukken som vart køyrt på. Det skal sjøvsagt vere grus oppå der, men i alle dage - kunne ein ikkje ha tatt bort tre, rydda og merka slik at stien hadde gått seg til på ein naturleg måte. Lagt steinar som ligg i terrenget der det er vått. Eit godt døme er stien til Leirstøylen som sykkelklubben har gjort så fin.

Vi har heldigvis så mange turstiar i Gloppen at eg treng no ikkje gå denne nye stien, det er så, men eg tenkjer på barnefamiliar, la oss seie barn i 4-5 årsalderen som skal gå denne oppgrusa veien. Dei trur eg fort blir trøytte og lite motiverte i staden for å gå i ein sti der ein klatrar over steinar og røter. Der kan ein bruke fantasien på ein annan måte.

Eg tenkjer på forfedrane våre som laga alle dei fine støylsråsene, med trappetrinn og fint plassert i naturen. Der er det mykje vi burde lære av. Det er også viktig for helsa vår at vi kan gå i ein naturleg sti der ryggen får lee på seg og viktig for trening av balansen.

Ja, eg måtte berre få sagt kor einig er med deg Helge Schei.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags