Opprustning av turstien til Bekkjavatnet – tilbod til fleire

Av
DEL

LesarbrevEi kritisk røyst målber i Firda si misnøye med at Ytre Hafstad grannelag har laga til ein meir framkommeleg gangveg frå Flatene til Bekkjevatnet, og han seier at det er «veldig dumt for turgåarar».

Han viser til at det er best for folk å gå i ulendt terreng. Det er heilt rett for dei fleste. Det gir god trening for rygg og rørsleapparat, og for koordinasjonsevna vår – å kombinere synet med føtene – så ein t.d. ikkje snublar. Dei fleste av oss meistrar denne type terreng. Vi er privilegerte som kan gå overalt, og oppleve gleda av å komme oss ut i naturen og å nå fjelltoppar.

Men – det er ikkje alle som er like heldige. Med å ruste opp denne stien slik at den blir enklare å gå, så legg ein tilhøva til rette for at endå fleire kan gjennomføre denne turen. Og det er jo fantastisk! Vi bur i eit land med lovfesta rett til å bruke naturen rundt oss, og denne allemannsretten må også gjelde for dei som ikkje er like førlege og spreke som andre. Vi må ikkje bli så sjølvsentrerte at vi berre har syn for eigne behov.

Dei som vil ha stiar som er meir eller mindre framkommelege, har rikeleg tilgang til desse overalt i Førde, og alle andre stadar. T.d. kan ein i forlenginga av den meir tilrettelagde gangvegen opp til Bekkjevatnet, fortsette langs vatnet, i ulendt terreng – heilt til Hafstadfjellet om ein ynskjer det.

Eg synst det er kjempebra at Ytre Hafstad grannelag har gjort denne jobben. Framfor å gi dei pes for det, må vi gi dei all mogeleg ros for å ha teke på seg arbeidet, og for å ha gjort det så fint.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags