Gummigranulat må bort frå fotballbanene!

Av
DEL

LesarbrevDet er 55 kunstgrasbaner i Sogn og Fjordane. Alle desse har truleg gummigranulat i botn. Det er ikkje bra for miljøet. Gummigranulat er den største kjelda til mikroplastforsøpling i Norge. Kanskje så mykje som 5–6 tonn gummigranulat ligg att i naturen. Og desse er der til «evig» tid.

Stortinget har med verknad frå 01.01.19 sett krav til oppsamlingsutstyr på gamle og nye kunstgrasbaner. Dette er eit, om noko, beskjedent tiltak frå vårt Storting

Idretten må halde seg oppdatert på nye løysingar som hindrar bruk av granulat på kunstgrasbaner. I Trondheim har ein sterkt fokus på dette og har sett i gong eit omfattande utviklingsarbeid. Slik også i Tromsø. Dette arbeidet må idretten og kommunar i heile landet ta lærdom av. Miljøvenlege kunstgrasbaner vil vere eit pre både i høve til tippemidlar og anna finansiering

KrF har i kommunestyret i Gloppen fremja at det må utgreiast eit forbod mot eingongsbestikk i plast, drikkebeger i plast, sugerøyr i plast og gummigranulat. Dette må vi få vedta snarast råd var bodskapen frå KrF til kommunestyret

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags