– Kom igjen, Førde fotball!

Foto: Førde G14 (8). F.v. Kristoffer Strandos Dale, Tobias Strømsli, Kasper Holme, Elias Vik Ødelien, Sigve Hjelle Solheim, Emil Fossedal, Sebastian Mannebrekke, Ole Martin Nondal, Thomas Løland og Nikolai Masdal Fosse. Nikolai Storøy var også med. T.h.trenar Kristian Mannebrekke

Foto: Førde G14 (8). F.v. Kristoffer Strandos Dale, Tobias Strømsli, Kasper Holme, Elias Vik Ødelien, Sigve Hjelle Solheim, Emil Fossedal, Sebastian Mannebrekke, Ole Martin Nondal, Thomas Løland og Nikolai Masdal Fosse. Nikolai Storøy var også med. T.h.trenar Kristian Mannebrekke Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vi skal vere stolte når vi ser den kvite Førde-drakta. Det står det i sportsplanen til Førde IL Fotball. Og stolte var vi som nyleg opplevde våre 14 år gamle gutar på cup i Danmark, stolte både av våre kvitkledde på breiddelaget og på satsingslaget, skriv foreldre til breiddelaget G14 i Førde.

DEL

LesarbrevI fotball handlar det om å score mål, vinne kampar og kåre vinnarar. Det har vi fått demonstrert tydeleg i VM i fotball.

Også Dana Cup No. 1 i Frederikshavn var eit slags VM med spelarar frå heile verda, berre yngre og ikkje på landslag, og i ulike klasser. Der vann det gode breiddelaget til Førde B-finalen i 8-argruppa. Dette var eit lag der vi samla spelarar frå tre ulike breiddelag i Førde for å vere mange nok. Sterke breidde-spelarar frå Masfjorden og Gulen vann fortent A-finalen (vestlendingane klarte seg svært godt mot spelarar frå Polen, Tyskland og Marokko). Og det dyktige satsingslaget til Førde G14 vann på si side A-finalen i 11-argruppa, med gode forsterkingar frå andre satsingslag.

Felles for alle var at dei kjempa harde kampar og at innsats og spelarstil gav utteljing i form av medaljar, pokalar, glede og meistringskjensle.

Stoltheit og glede

Dette er noko som alle i Førde IL Fotball uansett nivå kan vere stolte av. For det spelarane på begge Førdelaga har til felles er venskap på tvers av lag, glede over fotball, over Førde-drakta og ein kampvilje og lagånd som gjorde oss foreldre og trenarar stolte. Dette må vi ta vare på. 

Det høyrer med til historia at dei også blei frustrerte innimellom, mellom anna over dommarar som ikkje slo ned på brot på Fair play. Då blei det ein jobb for oss vaksne å roe dei ned. Minne dei om spelet. Vi foreldre og trenarar må også av og til minnast om det same – og at vi skal underbygge stoltheit knytt til deltaking i idrett uavhengig av nivå og interesse. 

Verdiar og haldningar

Førde IL Fotballs sportsplan understrekar nettopp det. Fotballen skal i tillegg til å vere ein arena for å vinne kampar, vere ein arena for formidling av verdiar og haldningar. Grunnverdiane i klubben er å lukkast saman, vere best saman, vere inkluderande og ta vare på kvarandre. Målet er å bidra til at barn og ungdom i Førde får ein god og trygg oppvekst. Målet er også å utvikle fotballspelarar, skape eit godt fellesskap og vinne nokre fotballkampar. 

Ord til handling

Planen er god, men den gjer seg ikkje sjølv. Ord må omsetjast til handling skal dei ha verdi. Nokre gonger klarar vi det, slik vi opplevde på turen til Danmark, andre gonger ikkje. Kultur må byggast. Når vi som er knytt til den kvite Førde-drakta klarar å heie på kvarandre, sjå og løfte kvarandre, utvikle og støtte trenarar og spelarar på ulike nivå og ha det gøy, så klarar vi det. Då er det også enklare i det lange løp å motivere til treningsdisiplin, entusiasme, dugnad, medlemspengar og å generelt støtte opp om klubben vår.

Meir av dette

Takk til spelarar, trenarar og foreldre for ei flott veke under Dana Cup No. 1 i Frederikshavn, ein cup prega av gode prestasjonar og venskap på tvers av laga. Det gir næring og dette må vi gjere meir av. Sportsplanen må levast ut skal vi lukkast. 

Som vi syng i kampsongen vår: – Kom igjen, Førde!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags