Krigsveteranen er ein ressurs

RESSURS: Team Rubicon brukar dei eigenskapane veteranen har erverva seg i si teneste til å hjelpe andre. Nett no har det vore 10 veteranar på Bahamas for å vere med på naudhjelp der etter stormen Dorian som la store delar av Bahamas flatt.Eit team med frivillige veteranar frå USA, Australia og Norge.

RESSURS: Team Rubicon brukar dei eigenskapane veteranen har erverva seg i si teneste til å hjelpe andre. Nett no har det vore 10 veteranar på Bahamas for å vere med på naudhjelp der etter stormen Dorian som la store delar av Bahamas flatt.Eit team med frivillige veteranar frå USA, Australia og Norge. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Sidan 1947 til i dag har Norge sendt over 100.000 soldatar ut i internasjonal teneste. Alle desse har sine eigne opplevingar og bakgrunn som vil på ein eller annan måte prege dei resten av livet.

Enkelte har vore i kamphandlingar med fare for eige og kameratane sine liv, andre har opplevd stor naud og lidingar blant dei sivile i landa dei har tenestegjort, og andre igjen har hatt mindre kraftige opplevingar. Felles for dei alle er at dei har tenestegjort på vegner av nasjonen Norge med flagget på skuldra og våpen i handa.

Når desse har komme heim har det dessverre vore ein tradisjon i Norge at no er du ferdig, reis heim og vi vil ikkje høyre meir ifrå deg. Noko som har medført at ein del har fått psykiske lidingar på grunn av opplevingane dei har fått ute for Norge. Dette er heldigvis begynt å bli betre. Forsvaret har skjerpa seg og har eit mykje betre opplegg for soldaten og hans familie både før under og etter oppdraget. Og kommunane har fått i oppdrag å lage veteranplanar. Korleis skal kommunane ta i mot desse som kjem heim.

Men det som ofte blir gløymt er at veteranen er ein ressurs. Han har gjennom si teneste skapt seg erfaringar som ein ikkje får så lett i dagleglivet heime i Norge. Vi har mange gode veteranorganisasjonar i Norge og dei gjere ein veldig god jobb med å tale veteranen si sak og la veteranane møtest. Noko som er veldig viktig. Skal veteranen få sove godt om natta så treng han å få snakke med likesinna inn i mellom. Men det er ein organisasjon eg vil trekke fram i dag, det er Team Rubicon Norge.

Team Rubicon Norge er ein fersk organisasjon med få frivillige enda. Det som gjere Team Rubicon til ein unik organisasjon er at Team Rubicon brukar dei eigenskapane veteranen har erverva seg i si teneste til å hjelpe andre. Nett no har det vore 10 veteranar på Bahamas for å vere med på naudhjelp der etter stormen Dorian som la store delar av Bahamas flatt. Tidlegare har organisasjonen sendt folk til USA, Haiti og Filippinane. Andre delar av Team Rubicon Global har hatt folk i Nepal, Uganda, Guatemala, Indonesia, Mosambik, Hellas osv.

Noko anna som gjere organisasjonen unik i veteransamanheng er at den ikkje berre omfamnar veteranar med og det ein kallar Kick Ass Civilians, det vil sei politi, brann, sjukepleiarar, ambulansearbeidarar, legar og andre med nyttig kompetanse. Det er 76 prosent veteranar og resten av andre. Dette fører til at ein får ein god miks med folk som kan gjere ein god innsats der det trengst. Samtidig gir det veteranar som slit ein moglegheit til å få eit fornuftig liv igjen, og ikkje minst få dei ut i arbeidslivet igjen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags