Vindkraft kan vere bra for lokalsamfunna

I fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen er det allereie gjort naturinngrep. Statkraft har vasskraftverk, reguleringsanlegg og kraftlinjer i området. Statnett si nye 420 kV linje går også tvers over dette fjellpartiet. Bildet viser bygging av   420kv linja over Siplo i Høyanger.

I fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen er det allereie gjort naturinngrep. Statkraft har vasskraftverk, reguleringsanlegg og kraftlinjer i området. Statnett si nye 420 kV linje går også tvers over dette fjellpartiet. Bildet viser bygging av 420kv linja over Siplo i Høyanger. Foto:

Av
DEL

MeiningarI delar av fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen er det no interesse for å bygge vindkraftanlegg. Dette kan vere bra for lokalsamfunna her og området er perfekt for å bygge vindmøller som er usynlege frå der folk bur.

I fjellområdet mellom Høyanger og Viksdalen er det allereie gjort naturinngrep. Statkraft har vasskraftverk, reguleringsanlegg og kraftlinjer i området. Statnett si nye 420 kV linje går også tvers over dette fjellpartiet. Utbygging av fornybar energi krev naturinngrep. Då er det god miljø- og samfunnsøkonomi å bruke opp att område som alt er tatt i bruk til fornybar energi. Høyanger er eit stort industrisenter som skapar viktige arbeidsplassar i Ytre Sogn og Sunnfjord. Rikeleg tilgang på fornybar kraft er viktig for regionen kan vekse vidare også på industri. Her er det også til kort avstand til eit sterkt kraftnett og dermed rimeleg å kople seg på.

Det er dessverre blitt ei vanleg oppfatning i nokre miljø at vi har nok elektrisk energi til eige bruk her i landet. Det stemmer dersom vi har godt med regn, men det stemmer ikkje for 2018 som var tørt og for 2019 som er tørt så langt. Resultatet ser vi som høge kraftprisar både for private og for industri. Det er også tverrpolitisk semje om at det i industri og transport som i dag brukar mykje fossil energi, skal dette erstattast med fornybar energi. Då må det byggast mykje ny fornybar energiproduksjon og vindkraft er den rimelegaste måten å gjere dette på i Noreg.

Erik Espeset

Erik Espeset

Høgfjellsplatået mellom Høyanger og Viksdalen er avgrensa med djupe dalar og med Sogne- og Høyangsfjorden. Det er nede i dalane og langs fjorden at folket vårt bur. Vindkraftanlegga her vil dermed vere usynlege for oss der vi bur. Det er vanskeleg å tenkje seg eit område som er betre egna enn dette fjellpartiet for utbygging av vindkraft.

Per Kjelstad skriv i Firda at vindmøllene kan medføre eit støyproblem. Då vil eg berre vise til den nyleg framlagde «Nasjonal ramme for vindkraft på land» der NVE har kome med nye temarapportar som gjer oppdatert kunnskapsgrunnlag. Her står det: Anbefalt grenseverdi for støy fra vindkraftverk er fastsatt til Lden 45 dBA for bygg med støyfølsom bruk. Støynivået vil normalt ikke overstige grenseverdien ved avstander over 800 meter».

Det vil seie at ein reknar med at ca. 800 meter unna vil det være 45 dB Lden (gjennomsnittsverdi). Dette svarar til støyen frå eit kjøleskap. Det hadde difor vore fint om Kjelstad kunne dokumentere påstandane sine om at det kan vere plagsam støy heilt ut til 3,5 km frå vindmøllene, også med tanke på at det er 800–1000 meter i høgdeskilnad mellom fjellområda der vindmøllene vert plassert og der folk bur. Vindmøllene vil i dette tilfellet vere plassert mange kilometer unna busetjing.

Dette fjellområdet er lite brukt til turisme og rekreasjon. Med vindkraftutbygging vil det bli bygd veg opp på fjellet. I andre delar av landet der kraft- og linjeutbygging har gitt vegutløysing til vanskeleg tilgjengelege fjellområde, har dette medført auka bruk av fjellet. Dermed kan dette gje grunnlag for meir verdiskaping innanfor turisme. Tilreisande turistar frå Europa forstår godt at naturen må takast i bruk dersom vi skal skape fornybar energi.

«Kva blir det igjen til oss?» er spørsmålet som alltid blir stilt når ei slik vindkraftutbygging er aktuell. Det handlar om kva som blir igjen til lokalsamfunn og grunneigarar. Eg vonar at grunneigarane kjenner si besøkelsestid og veit å forhandle ein akseptabel pris for å leige vekk fjellgrunnen sin. Kommunane vil få eigedomsskatt frå desse anlegga og kan også stille krav til utbyggaren om andre kompensasjonsformer for at dei skal vere positive til ein konsesjonssøknad. Det vil bli nye arbeidsplassar og aktivitet i utbyggingsfasen og i driftsfasen. Eg meiner dermed at det er altfor tidleg å protestere no. La utbyggarane prosjektere anlegga og søke konsesjon, så får heller kommunane seie nei dersom det viser seg at vindkraftutbygging vert lite gunstig for oss.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags