Vindkraft er bra

Erik Espeset

Erik Espeset

Av
DEL

LesarbrevStor tilgang på konkurransedyktig fornybar energi har vore noko av det viktigaste for å bygge det moderne Noreg. Fornybar energi kan vi eksportere i form av foredla metallprodukt eller direkte som elektron i kablar. Begge desse eksportformene er med på å fortrenge bruk av fossil energi i landa som vi eksporterer til, og det gjer eksportinntekter. Det treng vi når olje og gassindustrien blir mindre i åra som kjem. Den norske velstanden er bygd på at vi kan selje det vi har for mykje av og importere det vi har for lite av. Det bør vi fortsette med dersom vi skal halde oppe velferdsstaten. Utbygging av meir vindkraft er dermed svært positivt for Kongeriket dersom vi gjer det på rett måte.

Per Kjelstad viser til den danske professoren Henrik Møller sine påstandar om at vindmøller kan gje merkbare støyplager fleire kilometer frå der vindmøllene er plassert. Eg kan heilt sikkert finne ein annan professor som har ekspertise på støyområdet som vil hevde det motsette. Det finst mange professorar rundt om kring og dei er ofte ueinige. Eg vil foreslå at vi les NVE sin rapport «NVEs forslag til nasjonal ramme for vindkraft» som eg stolar på har innhenta kunnskap frå kompetente fagmiljø på støy. Dersom ein utbyggjar søkjer konsesjon på bygging av vindkraft mellom Høyanger og Viksdalen, så reknar eg med at konsekvensutgreiingane vil handsame støyproblematikken, og dersom det skulle bli problematisk støy så er eg sikker på at desse vindmøllene aldri vil kome opp.

Når dette er sagt så er eg ikkje for vindkraft for einkvar pris. Problemet med vindkraftutbygging i Noreg, er framleis at det blir lagt igjen for lite verdiar lokalt. Derfor håpar eg på at det kan verte politisk fleirtal for at kommunar som stiller areal til rådvelde for vindmøller, kan få monaleg kompensasjon for dette gjennom at meir skattar og avgifter blir lagt igjen lokalt. På dette området er eg dessverre pessimist når eg ser kor sterke kreftene er i Finansdepartementet for å få sentralisert alle skatteinntekter. Men dersom dette ikkje blir gjort noko med så kjem det til å bli bråstopp på mange vindprosjekt rundt om i landet. Ingen kommunar stiller opp med areal dersom dei ikkje får noko igjen.

Nettleige er eit heilt eige tema. Guleslettene nord for Florø er eit skrekkeksempel på korleis vindkraftutbyggjaren kom altfor billeg unna nettinvesteringane, og alminnelege nettkundar i Ytre Sunnfjord og Nordfjord må plukke opp tilleggsrekninga. No er heldigvis NVE sitt regelverk endra slik at dette ikkje vil skje i framtida. Ein eventuell vindkraftutbyggar nord for Høyanger vil måtte betale fullt ut for alt nett som skal byggast mellom møllene og for tilkoplinga til Høyanger Trafo.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags