Utsleppa trassar stadig vindkrafta

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Einar Wilhelmsen og Anders Bjartnes klandrar meg for å spreie usanning om korleis vindkraft verkar på CO-utsleppa. Eg har ikkje undersøkt fakta, påstår dei. Då var det kanskje å vente at dei såg seg i stand til å levere nokre tal – og ikkje berre adjektiv – for påvise min fadese.

Wilhelmsen meiner ny vasskraft hos oss har fasen ut store mengder fossil energi; vi har kutta ut oljefyring og lagt ned gasskraftverk. Gasskraftverka kom aldri i samanhengande drift, ikkje eingong før småkraftverka vart mange. Norske utslepp av karbondioksid var i 2017 nesten 44 millionar tonn, om lag som i 2001, viser tala i Miljøstatus. Å fjerne oljefyring i hus er vel og bra, men store utslag vert det ikkje. All oppvarming i bygningar gjev 2,1 prosent av vår samla utslepp, også det talet er frå Miljøstatus. 

Den same kjelda fortel at her i landet steig CO-utsleppa like fram til 2010, endå vi jamt har hatt rikeleg tilgang på vasskraft. Oppgangen var størst på 1990-talet, då overfloda av straum var så rikeleg at lite nytt vart bygt ut. Heller ikkje dei mange småkraftverka har endra stort.

Så til Tyskland. Vindkrafta der leverte 112 TWh (milliardar kWh) i 2017, etter ein bratt vekst frå 2010. Talet er frå Bundesverband Wind Energie. Om tyske utslepp av CO har Umwelt Bundesamt mange fakta. Hovudtrekka er: Dei gjekk relativt mykje ned frå 1990 til 2000 og noko mindre i neste tiårsperiode. Det markerte fallet kom i 2009, etter finanskrisa. Frå 2010, då mengda vindkraftinstallasjonar steig bratt fram til 2017, gjekk òg utsleppa ned, men lite før eit fall i 2018. 112 TWh vindkraft, noko mindre enn våre vasskraftverk leverer, utrettar ikkje under i eit land som slepper frå seg nesten 800 millionar tonn karbondioksid frå eit samla energiforbruk på 4000 TWh.

Nedgangen i Tyskland starta lenge før vindkrafta fekk noko omfang, og var faktisk større då. Etter mi oppfatning er det grunn til å tru at årsakene er fleire. Nokre kjem av politiske vedtak, andre av økonomiske endringar. Og ikkje minst, det samla energiforbruket har gått ned sidan 2006. Med ein fossil del på nesten 80 prosent, hjelper slikt på utsleppskurvene. Eit problem med vindkraft er at dei må ha reservekapasitet når vinden sovnar. I 2013 var 11 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging, kunne miljøorganisasjonen BUND fortelje.

Bjartnes vil måle effekten av vindkraft som prosent av straumforsyninga, ikkje av all energi som går med. Eg har samanlikna med den totale energiinnsatsen. Kvart tonn som stig til vêrs har akkurat same verknaden i atmosfæren, utan omsyn til om det er kolkraftverk eller bilkøyring som gjev utsleppa. Det er også dei samla utsleppa statane har plikt til å få ned etter alle internasjonale avtalar. 

Det var kanskje litt strengt å skrive at vindkrafta i Tyskland ikkje har dempa fossilbålet det minste. Ein prosent eller to er det kanskje snakk om. Dette er likevel nær ein stad mellom nesten noko og absolutt ingenting, slik Celius sa i Det lykkelege val. Og det ser ut til at kostnadene og opinionen set bom for meir av vona i vinden. Det skreiv også magasinet Der Spiegel nyleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags