Teppebombing med vindturbinar i Sunnfjord/Ytre Sogn

KUNNSKAP: No treng vi få kunnskap om kva verknad vindkraftutbygginga vil få for alle som bur her i området, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Mehuken i  Vågsøy kommune,

KUNNSKAP: No treng vi få kunnskap om kva verknad vindkraftutbygginga vil få for alle som bur her i området, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Mehuken i Vågsøy kommune, Foto:

Av
DEL

Meiningar

I desse vakre vårdagane høyrer vi mykje frå vindkraftutbyggarar som vil frelse klimaet og gjere sine eigne firma velståande, ein velstand dei påstår å ville dele broderleg med lokale grunneigarar og kommunar.

Særleg har Sunnfjord og Ytre Sogn vorte velsigna med område som skal vere ideelle for vindmøller, eller rettare, vindturbinar. Så langt det gjeld medieomtale, har eg registrert at store område i Gulen, Hyllestad, i Ytre Fjaler og fjellområda mellom Gaular og Høyanger heilt frå Florsheia ved Sande til Skardfjellet i Eldalsdalen ligg inne på kartet over aktuelle utbyggingsområde. Frå før er det kome i gang storstilt utbygging på Guleslettene i Flora/Bremanger.

Ein kan spørje seg sjølv kva som er årsaka til at området her har fått slik høg stjerne i denne samanhengen. Blæs det meir her enn andre stader i kongeriket? Er vi rekna for å vere meir langmodige og naive enn andre folkeslag? Er kommunane og grunneigarane fattigare og treng meir av dei skillingane dette kastar av seg? Manglar vi sterke politiske talspersonar i dei krinsar som tek avgjerdene?

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Eg kan ikkje gje noko godt svar, men eg trur nokre av årsakene ligg i desse momenta. Ser ein på noregskartet med aktuelle stader for vindkraft, er det tett med ringar frå Lindesnes og heile kysten nordover. Derimot er det ingen aktuelle stader aust for Lindesnes mot svenskegrensa. Blæs det ikkje her?

Det er på tide at vi sjølve byrjar å vurdere kva standpunkt vi skal ta. Vindkrafta vert no køyrd fram i eit utruleg tempo. Sterke krefter står bak, både store kapitalinteresser, og politikarar og organisasjonar som skal kvitvaske klimaomdømet sitt.

Hittil har det vore lite både av informasjon og diskusjon i våre lokale media.

I Firda 29. april var der rett nok eit innlegg med tittelen «Vindkraft – Nei takk» frå LO Ytre Sogn. Dette innlegget inneheldt vesentleg informasjon og fakta om vindturbinane sin påverknad på natur, kraftprisar, nettleige og arbeidsplassar i distrikta. Dessverre var innlegget ikkje særleg iaugefallande slik det var plassert i avisa, men vi får håpe at mange fekk det med seg likevel. Erik Solheim og Naturvernforbundet har i innlegget sist laurdag også mange gode poeng. (Det er ei ekstra glede å vere samd med min gode motstandar frå diskusjonen om Gaularvassdraget).

Vi treng sakleg informasjon, ikkje godt sminka reklame. T.d. er det lett å førestille seg synsinntrykket av 200 m høge vindturbinar over fjella, men vi veit mindre om støyen. I publikasjonen forskning.no uttalar ein dansk professor, Henrik Møller, at ein helst bør bu 3,5 km i luftline frå dei store vindturbinane dersom ein skal vere trygg for støy. Dette vil seie at nesten heile Gaulardalføret, også tettstaden Sande, kjem innanfor støysona frå det mest sannsynlege utbyggingsområdet. (Eg trur ikkje desse installasjonane skal ned i djupaste fjelldalane).

I tillegg er heile nedslagsområdet til Gaularvassdraget underlagt varig vern med sterke restriksjonar på vegbygging, utbygging av småkraftverk, uttak av masse osv. I dette området, som i 1993 hadde så verdfull natur at vassdraget og nedslagsfeltet vart varig verna, skal det byggjast kolossale vindturbinar, planerast store fjellområde, byggjast milevis med anleggsvegar. Det trengst sikkert og nye kraftliner, endå vi har vorte tilgodesedde med rikeleg kraftliner siste åra.

No treng vi få kunnskap om kva verknad vindkraftutbygginga vil få for alle som bur her i området. Korleis vil kraftprisar og nettleige utvikle seg, både for vanlege forbrukarar og for industri og andre arbeidsplassar. Korleis vil den lågfrekvente støyen verke på bulyst og husprisar i dei råka områda?

Kva seier kommune – og fylkespolitikarane? Standpunkta til utbygging av vindkraft må klårgjerast gjennom valkampen før 9. september. Her må vi som veljarar krevje klåre svar. Overlèt vi avgjerdene til dei «lukka rom» etter valet er eg redd vi veit kva som skjer.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags