Stans nedbygging av vår felles naturarv no!

UAKSEPTABELT: Når ei av dei mest naturøydeleggande energiproduksjonsformene vert nytta i norsk natur, kor inngrepa aldri kan reverserast, er landbasert vindkraftutbygging heilt uakseptabelt, skriv artikkelforfattaren.

UAKSEPTABELT: Når ei av dei mest naturøydeleggande energiproduksjonsformene vert nytta i norsk natur, kor inngrepa aldri kan reverserast, er landbasert vindkraftutbygging heilt uakseptabelt, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarHeilt sidan landbasert vindkraft vart nemnt som ei mogeleg kraftproduksjonsform i Noreg, har det vekt negative reaksjonar. Tanken på å sjå Hornelen- fjellet i Bremanger vert dekka av vindturbinar er heilt utenkjeleg. Solund- landskapet skulle etter kva planane tilsa merkast med 30 kvadratkilometer vind- industri og 85 turbinar. Folket i Solund sa nei i folkeavstemming i 2012. Ålfotbreen vart etablert som landskapsvernområde i 2009. I 2020 vil siktlina til Nordsjøen frå breen aust om DNT- hytta Blåbrebu, verte «pryda» av ti- tals vindturbinar. Eit inngrep som ALDRI kan gjerast om. Kvifor i randsona til landskapsvernområde kan ein spørje? Meinte våre stortingspolitikarar at utsynet frå Ålfotbreen mot storhavet ikkje var meir verdt enn at Guleslettene vindkraftanlegg kunne pryde det storslegne utsynet? Er Guleslettene heilt utan verdi som turområde for Florø by?

Vi skriv mai 2019. Allereie er titals vindkraftanlegg sette i drift i Noreg. Inngrepa og naturøydeleggingane er enorme. Sosiale medium fortel om folk som ser korleis natur, leveområde for dyr og deira nære naturarv verdt heilt øydelagd. Mange er fortvila og særs uro over natur- øydeleggingane. Folk sin motstand veks dag for dag.

Langs heile Norskekysten ligg føre det planar om naturøydande vindindustriutbygging. Men det stoppar ikkje med kystlandskapet. Sjølv Finnskogen skal byggast ned av vindkraftindustri. Skogslandskapet med sine vitnesbyrd og si kulturhistorie frå folkevandring i Norden.

I Troms finn ein Fakken vindkraftanlegg på Vannøya. I arktisk sårbart kystlandskap heilt nord der Norskehavet og Barentshavet møtest. Ut ifrå naturfagleg vurdering ei uforståeleg lokalisering. I desse dagar vert Raudfjell og Kvitfjell vindkraftanlegg i sørenden av Kvaløya, vest av Tromsø sett opp. Har du reist nasjonal turistveg mellom Senja via Sommarøya og vidare til Tromsø, ligg anlegget midt i siktlinja. Eit særleg verdifullt kystlandskap. Men likevel, vindkraftanlegget vert realisert. På Fosenhalvøya i Trøndelag vil ein, når alle vedtekne vindkraftanlegg no vert fullført knapt kunne skue landskapet, utan å sjå vindturbinar. Som om ikkje det er nok, opnar Olje og energiminister Kjell- Børge Freiberg, Frp, i «Nasjonal ramme for vindkraft» opp for å bygge ned store deler av det fjella i Namdalen. Trass i at «Nasjonal ramme for vindkraft» mellom anna har som mål å redusere konfliktnivået innan landbasert vindkraftutbygging.

Sidan iskanten trekte seg attende har folk funne sitt utkomme på den skandinaviske halvøya.        

Etter isen si tilbaketrekking låg dei glattskurte fjella og morene- landet att. Naturinngrepa etter det som no skjer vil alltid ligg der som gigantiske opne sår i landskapet. I lys av dette er det forstemmande å sjå kva resultatet av politisk handverk gjer med landskap, naturmangfald og vår felles naturarv. Dette påfører ikkje berre dyr og fugl stor skade. Det gjer at vi som bur langs kysten, i innlandsfjella eller på Finnmarksvidda vert fråtekne ein viktig del av vår identitet, vår natur og våre landskap. Tilbake sit innbyggjarane i mange lokalsamfunn med helseplager av vindindustrianlegga. Nære natur- og friluftsområde vert øydelagde for all framtid.

Argumentet er å produsere anslagsvis 30 TWH straum i året. Dersom dette skal produserast av landbasert vindkraft vil norsk natur og landskap verte påført heilt uakseptable inngrep.

Kva representerer 30 TWH elektrisk straum tenkjer du?

Som døme kan følgande illustrere. Noreg produserer om lag 145 TWH vasskraft i året. Sogn og Fjordane fylke produserer i dag om lag 17 TWH årleg vasskraft. 5 TWH vert nytta i Årdal, Høyanger og Svelgen industri- stader. 2 TWH vert forbrukt av innbyggjarane i Sogn og Fjordane. 10 TWH vert sendt ut av Sogn og Fjordane!

Når ei av dei mest naturøydeleggande energiproduksjonsformene vert nytta i norsk natur, kor inngrepa aldri kan reverserast, er landbasert vindkraftutbygging heilt uakseptabelt. 

Stans nedbygginga av vår felles naturarv no!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags