Noreg bør vente med vindkraft til andre land også deltek

OPPGRADER: Samfunnsøkonomisk, og ikkje minst for naturmiljøet, vil det vere betre å gradere opp vasskraftverka våre, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Eidsfossen på  Sandane.

OPPGRADER: Samfunnsøkonomisk, og ikkje minst for naturmiljøet, vil det vere betre å gradere opp vasskraftverka våre, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Eidsfossen på Sandane. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

EU med 500 millionar menneske produserer 3500 TWh elkraft årleg og lite av den er grøn. Noreg med 5 millionar menneske produserer årleg om lag  140 TWh, nesten alt vasskraft og har netto eksport. Danmark med litt meir folk enn Noreg brukar årleg 30 TWh og berre 15TWh kjem frå vindmøller.

Ein produksjon frå vindmøller som tilsvarar 22 TWh er under utbygging i Noreg eller har fått konsesjon frå NVE som peikar på ei ytterleg ramme på 30 TWh. Kina auka produksjonen av kraft med 230 TWh siste kvartal i 2018 og nesten 180 TWh kom frå kolfyrte kraftverk. I tillegg finansierte Kina utbygging av kolkraftverk i andre land. Gassleidning nummer to frå Russland til Tyskland gjennom Østersjøen skal stå klar i 2020 og 55 milliard kubikkmeter gass skal årleg gå gjennom dei to leidningane noko som tilsvarar om lag 50 millionar tonn olje årleg. Det er nok til å drive den tyske personbilparken som ikkje er elektrifisert. I Noreg skal 2,7 millionar bilar elektrifiserast til inga nytte for det globale miljøet fordi vi er knytt opp mot det internasjonale straumnettet med lite grøn kraft. På dette nettet har det vore betre å bruke straumen til langt meir energieffektive føremål. Til dømes til fleire hundre tusen elbussar i dei europeiske byane som må hente straum frå kolfyrte verk. Parisavtala oppmuntrar ikkje til slik fornuft.

Tyske gassleidningar og kinesiske kolkraftverk vil vare i 40-50 år så desse store landa legg ikkje opp til eit grønt skifte med det same. Trump har lova veljarane sine å få nytt liv i kolindustrien. Kvifor skal Noreg byggje tre gonger så mykje vindkraft som Danmark når vi er betre dekt av grøn kraft enn alle andre land? Vindkraft er eit problem på mange måtar. Det er ikkje berre nordmenn som reagerer negativt på 250 m høge bråkande vindmøller som svirrar rundt med lys på vengene for flytrafikken sin del. Synlege på fleire mils avstand.  I Tyskland vil heller ikkje folk ha dei store samkøyringslinjene og vegane som følgjer med og i Polen vil dei ikkje ha innkopling av tysk vindkraft på nettet sitt fordi denne krafta gjer nettet ustabilt.

Når vi ser på verda rundt oss så er det til lite hjelp for det grøne skiftet at Noreg ved hjelp av store tilskotsmidlar gjer oss til ein eksportnasjon av til dømes 35 TWh vindkraft årleg. Det vil vere 1 prosent av dagens produksjon i EU. Samfunnsøkonomisk, og ikkje minst for naturmiljøet, vil det vere betre å gradere opp vasskraftverka våre for å produsert desse 35 TWh der, men i dag er ikkje dette bedriftsøkonomisk lønsamt med alle dei skattefordelar og avgiftsfritak  som vindkrafta har fått i høve til utbygging i vasskraftverka. For eit rot.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags