Når klimaomsyn vert naturen sin verste fiende.

EIGNA: Er dette eit veleigna område for vindturbinar?spør artikkelforfattaren

EIGNA: Er dette eit veleigna område for vindturbinar?spør artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevPropagandamaskineriet for vindkraft i fjellheimen vår arbeider hardt for å overta bruksretten til fjell og utmark, også her i ytre Sunnfjord. Dei lokkar med bilde av slanke vindmøller mot horisonten, med grønt gras heilt inntil mølletårnet, og vegar som snor seg som tynne blyantstrekar rundt knausar og fjell.

Vi ser ikkje ei einaste skjering eller steinfylling på desse glansbilda, og dei tre-fire tusen kvadratmeterane til fundament og oppstillingsplass for monteringskran ser vi ikkje. Vegane må vere minst 5 meter breie, tole eit akseltrykk på minst 15 tonn, og ha ein kurveradius som tillèt transport av turbinblad på minst 50–60 meter. Dette vil vise att i terrenget.

Det vert heller ikkje snakka om at områda med vindmøller vil vere utilgjengelege for ferdsel i vinterhalvåret. Avhengig av turbintype, vil faren for livsfarlege iskast frå turbinblada i kuldegrader, vere opptil 380 meter frå rotoraksen i flatt lende. Blir turbinane plasserte på toppar i kupert terreng, vil det vere livsfarleg i ein avstand av minst 500 m. Det vil seie at kvar turbin gjer eit område på 785 000 kvadratmeter, eller 785 dekar, utilgjengeleg i vinterhalvåret. 

Når ein bonde med kje eller lam som vert drepne av ørn, tek saka i eigne hender og skyt ørna, risikerer han inntil 6 år i fengsel for miljøkriminalitet. Når vindmøllene drep ørn i hopetal (90 havørner og to kongeørner på Smøla sidan 2006, ifølge Norsk Ornitologisk Forening), er dette visstnok både klima- og miljøvennleg.

Vegane opp til vindturbinane må gå gjennom store myrområde, som vil bli drenerte av inngrepa. Bønder får ikkje lenger lov til å dyrke myr for å produsere mat, men nedbygging av myr til såkalla «samfunnsnyttige føremål» (matproduksjon er visst ikkje samfunnsnyttig lenger), er OK. 

Dette er berre nokre få døme på at ulempene med landbasert vindkraft vert systematisk underkommunisert av tilhengarane, mens klimaeffekten vert overvurdert. Andre land satsar stort på havvind, men her viser den norske regjeringa lite interesse. Vi treng å redde restane av urørt fjellnatur før det er for seint. Framtida for norsk vindkraft ligg på havet, og teknologien er på plass. Det er berre politisk vilje som manglar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags