Krev at NVE trekker konsesjon for vindkraft

STOPP: – Sprengingsarbeidet og vegbygginga på Guleslettene må stoggast til handsaminga av klagen på miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) til Olje- og energidepartementet er ferdig. Høveleg kompensasjon til utbyggjarane må staten sjølv dekke, skriv ei rekke organisasjonar.

STOPP: – Sprengingsarbeidet og vegbygginga på Guleslettene må stoggast til handsaminga av klagen på miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) til Olje- og energidepartementet er ferdig. Høveleg kompensasjon til utbyggjarane må staten sjølv dekke, skriv ei rekke organisasjonar. Foto:

Av
DEL

MeiningarI høyringa til nasjonal ramme for vindkraftutbygging som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har hatt ansvaret for, kravde Miljødirektoratet og Riksantikvaren at område 20 A (Flora, Bremanger og Vågsøy) måtte ekskluderast grunna alvorlege konsekvensar for natur, miljø og kulturminne.

NVE skreiv som tilsvar:

Forslaget (om eksklusjon) er begrunnet med forekomster av flere viktige miljøverdier som kan bli vesentlig påvirket av vindkraftutbygging. Deler av arealet er også foreslått ekskludert av Riksantikvaren på grunn av viktige kulturminneverdier. Resultat: NVE tar forslaget til følge.

Korkje Miljødirektoratet eller Riksantikvaren sine analysar skil seg frå deira eller Fylkesmannen sine tidlegare uttalar om dei planlagde vindkraftverka i Flora og Bremanger, og det er såleis ikkje ny kunnskap som har fått NVE til å snu. Vi finn det difor oppsiktsvekkande, men gledeleg, at NVE no tilsynelatande tek natur- og miljøomsyn i vindkraftsaker. I lys av rapporten frå FNs naturpanel som kom 6. mai er det også på høg tid å innsjå at klimakampen ikkje kan gå på kostnad av urørt natur og biologisk mangfald.

I handsaminga av dei fire vindkraftanlegga som NVE allereie har gjeve konsesjon til innanfor dette området har NVE lagt avgjerande vekt på økonomi til utbyggjarane. Omsyn til naturmiljø, friluftsliv og drap på fugl og flaggermus har ikkje vore vurdert som viktige nok til å ikkje dele ut konsesjonar i desse sårbare områda. Sjølv avbøtande tiltak som å flytte turbinar vekk frå særskilt utsette punkt på Guleslettene har vorte avvist av NVE.

På bakgrunn av at NVE har erkjent at Flora, Bremanger og Vågsøy av miljøomsyn ikkje er eigna for vindkraftanlegg, krev organisasjonane at NVE trekkjer konsesjonen for vindkraftanlegg som ikkje er påbegynte i område 20A. Konkret gjeld dette Bremanger vindkraftanlegg og vestlege delar av Guleslettene. Mehuken vindkraftanlegg må ikkje få fornya konsesjon, og Hennøy og Guleslettene vindindustrianlegg må avviklast når første konsesjonsperiode er over.

Sprengingsarbeidet og vegbygginga på Guleslettene må stoggast til handsaminga av klagen på miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) til Olje- og energidepartementet er ferdig. Høveleg kompensasjon til utbyggjarane må staten sjølv dekke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags