Kraftgigant med døden til følge?

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Av
DEL

Meiningar

Etter det Gunnar Harstad skriv, har eg mangt å stå til rette for om kraftforsyninga. Og ja, det har vore nokre naturvernarar som trudde vindkraft var mindre skadeleg enn vasskraft. I dag er vindkraft, med tårn på eit par hundre meters høgde, noko heilt anna og meir brutalt enn det mange såg på 1980-talet i Danmark og lenger sør. 

Alle planane her til lands gjeld område utan større teknisk inngrep frå før. For 40 år sidan var møllene i Danmark ein langt meir smålåtne del av kulturlandskapet. No driv danskane og riv mange av dei høgre turbinane. 

Det står fast at vi har eit årleg kraftoverskot i dette landet på 10–15 TWh (milliardar kWh). Det varierer med nedbør og temperatur. Difor vart det før bygt store magasin, nokre skulle halde i to år. No er opplegget å skaffe balanse i forsyninga gjennom kablar til andre land. Har vi for lite, importerer vi. I vinter har importen vore stor, av den grunn at kraftselskapa selde ut store mengder i fjor, etter ein snøfattig vinter og i ein varm og tørr sommar. Vi eksporterer framleis meir kraft enn vi importerer. 

Når Harstad vil eksportere vindkraft for å hjelpe andre land til å dempe klimagassutsleppa – og gjere Noreg til ein kraftgigant – har han nokre realitetar imot seg. Sjølv i Tyskland, med nesten 30 000 turbinar, er vindkraft ein svært liten del av det samla energiforbruket – vel tre prosent av 4000 TWh.   Utbygginga har nesten stansa, fordi innvendingane er så kraftige. Med vind, biomasse, sol og nokre andre innslag, har Tyskland rundt 210 TWh fornyeleg straum. Og dei har ikkje mykje meir å hente. 

Problemet er at vind og andre fornyelege energiformer er svært lite konsentrerte. Det vindturbinane klarer å gjere om til straum, er òg ein liten del av krafta som er i vinden. Det skal enorme areal til for å hente ut mengder som monar. Som illustrasjon kan det tene at 46 TWh, 30 TWh i tillegg til eksisterande konsesjonar som venteleg vert noko av, vil vere synlege over eit areal like stort som Finnmark fylke, Arealet der er nesten like vidt som Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal til saman. Sjølv med alt dette vert ikkje Noreg ein europeisk kraftgigant. 

Det vi må gjere, er å godta at naturen toler ikkje stort meir utan at skadane på livsveven vert eit sjokk for oss. Øydelegginga har dramatiske dimensjonar frå før. Det har den internasjonale Naturpanelet dokumentert til overmål. Fallet i talet på dyr og planter gjer jorda liten og karrig, også for mennesket. Den viktigaste grunnen til denne globale katastrofen er at vi i stadig større tempo utslettar leveområde for planter og dyr. Graciela Reusch, ein av forfattarane av rapporten, kjem med klar tale om at vindkraft langs kysten vil redusere det mangfaldet av liv som frå før heng i ein tynn tråd. 

Vi kan ikkje lenger drive våre samfunn etter oppfatningar om kva meir mennesket har lyst på eller kan klare å konsumere. Grensene for vekst vert stadig trongare. Å strene vidare på gammal kurs peikar mot øydemarka. Livet på jorda og i havet er i globalt samanbrot, åtvarar vitskapen med klare ord. Utsleppa til atmosfæren lyt vi dempe ved å bruke mindre fossil energi, ikkje ved å presse vindkraft ut av landskap der livet enno lever. Dei eineståande og folkelege protestane mot turbinane er lovande.    

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags