Kan vindkraft vere bra for lokalsamfunna?

Det er no særleg viktig for dei som har planlagt å «fiske i rørd luft» at ein får opp tempoet i prosessane. Eg har registrert at m.a. Fred. Olsen Renewables, som førebels er ivrigaste interessentane til å byggje ut fjellområdet mellom Gaular og Høyanger, prøver å få opp farten i forhandlingar med grunneigarane i området, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Mehuken i Vågsøy kommune

Det er no særleg viktig for dei som har planlagt å «fiske i rørd luft» at ein får opp tempoet i prosessane. Eg har registrert at m.a. Fred. Olsen Renewables, som førebels er ivrigaste interessentane til å byggje ut fjellområdet mellom Gaular og Høyanger, prøver å få opp farten i forhandlingar med grunneigarane i området, skriv artikkelforfattaren. Bildet viser Mehuken i Vågsøy kommune Foto:

Av
DEL

MeiningarDet ser ut som energibransjen ikkje er særleg glade for at at skepsis til vindkraft kjem fram i den offentlege debatten. Vi skjønar uroa godt. Utbygging av vindkraft på land har gått under radaren medan «alle» har uroa seg for klimaendringane. Få har stilt spørsmål ved økonomi, samfunnsnytte, miljøpåverknad, påverknad på lokalsamfunna osv. No har spørsmåla byrja å dukke opp, og då kan det lett hende at folk kjem i skade for å tenkje sjølve, og ikkje berre fylgje bjøllesauer.

Det er no særleg viktig for dei som har planlagt å «fiske i rørd luft» at ein får opp tempoet i prosessane. Eg har registrert at m.a. Fred. Olsen Renewables, som førebels er ivrigaste interessentane til å byggje ut fjellområdet mellom Gaular og Høyanger, prøver å få opp farten i forhandlingar med grunneigarane i området. Førebels er her få konkrete opplysningar om storleik, høgde og plassering av vindturbinane. Det er såleis tida for vage påstandar, og lite konkrete lovnader. Inntil vidare har energibransjen nytta tida godt, det er og lett å skjøne. I dag har dei store i energibransjen vanskar med å finne nye forretningsmodellar, eller og kalla spekulasjonsobjekt. Å kjøpe inn og vidareselje utbygd småkraft og solenergi er ei kvardagsleg verksemd som ikkje gjev dei store avansane. Det ligg heller ikkje førebels til rette for å få store gevinstar på havvind. Difor er utbygging av vindkraft på land einaste sjansen til raske pengar i energibransjen. No for tida er maksimal profitt det einaste heilage motivet også i denne bransjen, difor er alle grep som aukar kraftprisen og nettleiga kjærkomne. Næringslivet og forbrukarane elles har mindre grunn til å vere oppglødde.

Etter mitt førre innlegg i Firda har eg fått ein viss motbør frå Erik Espeset, (med slektsrøter i Viksdalen), direktør i Tafjord Kraft, og styreleiar i Mørenett og fleire andre Tafjord-dominerte selskap. Han har vore, og er, ein varm talsmann for den omstridde kraftkabelen til England. Erik Espeset har såleis gode kunnskapar om bransjen. Eg hadde difor venta noko meir enn generelle påstandar om at vindturbinane vert vekkgøymde i fjelldalane, og at Noreg ikkje er sjølvforsynt med fornybar energi.

Her er og lite konkret om kompensasjon til grunneigarar og kommunar. Eg har fått opplysningar som tyder på misnøye med både kompensasjon og støyplager, m.a. frå Lista, men det kan eg kome attende til i neste runde.

Til slutt vil eg kome inn på støyplagene. Mi kjelde her er forskning.no, eg skal sitere frå artikkelen: « Vindmøller skaper mye støy, som kan gi stress og søvnproblemer - konstaterer Henrik Møller. Han er professor ved avdelingen for akustikk under Institut for Elektroniske Systemer på Aalborg universitet, og ekspert på området».

Eg siterer vidare: «Lavfrekvent støy høres tre kilometer unna». «Henrik Møller anslår at hvis man vil være helt sikker på å unngå støy frå store vindmøller, bør man bo minst 1400 m unna, eller helst 3500 m hvis det er snakk om svært store vindmøller».

Mellom Gaular/Viksdalen og Høyanger er høgaste fjellpartiet på Gaularsida. Eg har lita tru på at vindturbinane hamnar nede i dei djupe fjelldalane. Viss vi reknar med at turbinane vert plasserte der det er beste vinden, og måler 3,5 km derfrå, vil ein sjå kor store deler av Gaulardalføret som vert påverka av lågfrekvent støy.

Eg kjenner meg rimeleg trygg på at professor Henrik Møller veit kva han snakkar om. Eg er glad for at det no er kome i gang ein debatt også i vårt område, slik at vi som bur her og våre lokalpolitikarar kan ta sine standpunkt på sakleg grunnlag.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags