Erik Solheim spreiar usann påstand

MASSIV UTBYGGING: Fornybar energi, anten det er sol- eller vindkraft, gjer at klimagassutsleppa frå straumproduksjonen fell. Alle scenario som gjev håp om at Paris-måla kan oppfyllast, føreset ei massiv utbygging av vind- og solenergi dei komande åra, skriv artikkelforfattaren.

MASSIV UTBYGGING: Fornybar energi, anten det er sol- eller vindkraft, gjer at klimagassutsleppa frå straumproduksjonen fell. Alle scenario som gjev håp om at Paris-måla kan oppfyllast, føreset ei massiv utbygging av vind- og solenergi dei komande åra, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Vindkraftmotstandarar bør halde seg for gode til å spreie usanne påstandar om fornybar energi.

Mangeårig leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim, skriv i Firda: «Nokre hevdar at vi må ofre noko natur for å berge klimaet. Dei seier at fleire vindvengjer i sving vil dempe utsleppa til lufta over oss. Noko slikt har ingen sett i praksis. Tanken er sikkert godt meint, men han er dårleg fundert. Ingen har vore i stand til å vise at meir straum i leidningane gjev mindre loge av fossilbålet. Ikkje ein gong i Tyskland, som har 30.000 vindturbinar, har vindkrafta dempa avgassane som stig til vêrs.

Straumen frå dei mange turbinane har så vidt passert tre prosent av det tyske energiforbruket. Stort meir vert det heller ikkje, protestane er for store.»

Solheim, ein mann som nyt stor respekt for sitt arbeid for naturvernet, skriv her at vindkraft ikkje kuttar klimagassutslepp. Det er umogleg å forstå sitatet over på anna vis.

Solheim fremjar ein usann påstand.

Han er sjølvsagt i sin fulle rett til å kjempe mot vindkraftverk, men av omsyn til standarden i det offentlege ordskiftet burde Solheim og andre vindkraftmotstandarar drive betre faktasjekk enn innlegget i Firda tilseier at blir gjort.

I vår digitale tid spreier usanne påstandar seg raskt, særleg i debattar der kjenslene er sterke. Dette gjer at folk med formelle og uformelle leiarposisjonar har eit særskilt ansvar. Vi har alle rett til våre egne meiningar, men ikkje våre eigne fakta.

Vindkraft, og anna fornybar energi, skyv ut fossilkrafta i kraftmarknaden fordi ho ikkje har marginalkostnad. Dette er ikkje ein diskutabel påstand. Det er ei uomtvisteleg sanning. Vindkraft, og sjølvsagt også sol- og vasskraft, erstattar kraft frå kol og gass. Det er nok å kaste eit blikk på dansk, tysk eller britisk energistatistikk for å sjå at dette har skjedd i stort mon dei siste åra. For oss som er opptekne av klimatrugsmålet gjeng ikkje endringane fort nok, men retninga er det ingen tvil om.

I 2018 utgjorde fornybar energi like i overkant av 40 prosent av den tyske straumforsyninga. Vindkraft produserte 111 TWh, eller 20,4 %, syner tal frå Fraunhofer. Klimagassutsleppa i Tyskland er redusert dei seinare åra, men mindre enn til dømes i Storbritannia. Det skuldast nedstenging av kjernekraftverk, og at brunkolet framleis held stand mot steinkol og gass.

Som for Tyskland viser tal frå Danmark og Storbritannia òg at vindkraft kjem til erstatning for fossil energi. Det same bildet vil ein finne om ein ser på tal frå USA eller andre land.

Når Solheim skriv at vindkraft utgjer tre prosent av det tyske energiforbruket, så viser han vindkrafta som andel av det totale primærenergiforbruket. Dette er ein teljemåte som ofte har vore nytta når talsmenn for fossilindustriane skal vise at fornybar energi er små og puslete greier. Ser ein på straumproduksjonen isolert, får ein andre tal.

Fornybar energi, anten det er sol- eller vindkraft, gjer at klimagassutsleppa frå straumproduksjonen fell. Alle scenario som gjev håp om at Paris-måla kan oppfyllast, føreset ei massiv utbygging av vind- og solenergi dei komande åra. Skal økonomien avkarboniserast, må rein straum overta for fossil energi i sektorar som transport, oppvarming og industri. Difor er det naudsynt at elektrisitetsproduksjonen blir CO₂-fri så snart som råd. Men tempoet i utbygginga er altfor låg, slik nye tal frå Det internasjonale energibyrået (IEA) syner. Det trengst om lag 300 GW ny fornybar energi kvart år fram til 2030 for å halde tritt med Paris-måla. I 2018 vart det på globalt nivå bygd ut om lag 180 GW.

I kva grad det skal byggjast vindkraft på land i Norge er ein krevjande debatt, der ulike omsyn står mot kvarandre. Vindkraftmotstandarane er i sin fulle rett til å hevde at naturinngrepa er utolelege. Men å skape tvil om fakta er ikkje gangbar strategi – sjølv om han er godt kjent – mellom anna frå den amerikanske fossilindustrien sin mangeårige kamp for å sverte klimavitskapen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags