Det store bedraget med vindmøller

USTABIL: Vindkraft er svært ustabil kraft. I om lag 1/3 del av tida, står rotorblada i ro på grunn av for lite vind.Helge Ottesen.

USTABIL: Vindkraft er svært ustabil kraft. I om lag 1/3 del av tida, står rotorblada i ro på grunn av for lite vind.Helge Ottesen. Foto:

Av
DEL

Meiningar

På nettet er det mykje relevant og nyttig informasjon å finne om vindmøller. Lekny Dale som etterlyser meir informasjon om vindmølleutbygging bør søke der. Den informasjonen utbyggjarane gjev, vil ikkje vere fullstendig. Alle negative konsekvensar blir det ikkje opplyst om i tilstrekkeleg grad. Her er eit døme:

I min heimkommune Sortland, slitna drawiren i alpinanlegget på Ånstadheia for nokre år sidan. Idrettslaget hadde ikkje råd å kjøpe ny wire, men eit finsk vindmølleselskap fekk nyss om dette, og tilbaud seg å reparere og ruste opp alpinanlegget – mot at dei fekk byggje vindmøller på Ånstadheia. Konsesjon vart gitt. Alpinanlegget vart reparert, og for ikkje lenge sidan vart vindmølleparken like ved alpinanlegget opna. Det kom endå til med på NRK sin Dagsrevy. Og det finske vindmølleselskapet kunne reklamere med den samfunnsnytten dei hadde gjort. Ingen snakka om faren for iskasting frå rotorblada i det flotte skiterrenget der barn og vaksne gjekk og rende på ski. På nettet har eg sett andre stadar, bilde av fareskilt der det står – forbod om ikkje gå nærare enn 300 m frå vindmøllene i vinterhalvåret.

Ein utsegn som vert mykje brukt av forkjemparane for vindmøller er: Det må byggjast vindmøller for å få rein energi i staden for forureinande kolkraftverk. Erik Espeseth skriv i sitt lesarbrev i Firda, laurdag 20. juli: «Vi i Viksdalen er like påverka av klimaendringane som dei andre på kloden. Det kan ikkje vere slik at det er berre «dei andre» som skal ta ansvar for å bygge fornybar energi» (sitat slutt). På nettet kan vi finne desse opplysningane om vindmøller:

Vindkraft er svært ustabil kraft. I om lag 1/3 del av tida, står rotorblada i ro på grunn av for lite vind. Mottakarlanda av vindkraft må då ha reservekraft, kalla balansekraft, av same storleik, som kan koplast inn utan straumavbrot når vindturbinane stoggar. Noreg har rikeleg av slik balansekraft på grunn av vasskraftutbygginga. Tyskland har det ikkje. Dei får balansekraft frå varmekraftverka drive av kull, olje eller gass. Varmekraftverka kan ikkje stoppast, men gå kontinuerleg elles er det ikkje stabil balansekraft. Konklusjonen blir då: til fleire vindmøller til meir balansekraft.

Men når alle vindmøllene er oppe og går, kan det bli eit overskot på elkraft som kan seljast attende til Noreg, slik at produksjon av vasskraft kan strupast ned og dermed minske tapping av vassmagasina. Dette blir registrert som «import av elkraft» sjølv om Noreg ikkje trengt det.

Noreg produserer årleg om lag 140 TWh, av dette blir ca. 10–12 TWh eksportert til utlandet.
Ein produksjon frå vindmøller som svarar til 22 TWh er under utbygging. Vidare har NVE planar om ytterlegare ei ramme på 30 TWh. Om lag same tal TWh kunne Noreg fått dersom dei oppgraderte eksisterande vasskraftanlegg. Det ville i so fall vere stabil kraft utan trong for balansekraft i reserve. Det ville og vere ei investering utan negative miljøinngrep eller andre negative konsekvensar.

Men på grunn av skattereglane og grøn sertifikat som vi alle er med og kostar over straumrekningane våre, er det meir lønsamt å byggje vindmøller – også for utlendingar som har dei same fordelane.

La oss til slutt sjå litt på kva størrelsar vi har med å gjere. Tyskland sette i drift 29000 vindmøller i 2018. Det dekket berre 3,2 % av Tyskland sitt totale energiforbruk, mens olje, gass og kull stod for resten. EU produserer 3500 TWh elkraft årleg, av dette er det nesten ikkje rein energi. Dersom Noreg skulle selje det vi har av ledig rein energi til EU landa, ville det utgjere ca. 1 % av det EU treng av rein energi.

Det kan samanliknast med metaforen –«eit musepiss i havet»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags