Zephyr utanfor realitetane

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Av
DEL

Meiningar

Johnny Hansen, prosjektleiar i vindkraftselskapet Zephyr, snakkar i Firda om det kraftbehovet som styresmaktene ventar. Sanninga er at dei ventar kraftig vekst i det kraftoverskotet som alt no på jamnen er 10–12 TWh (milliardar kilowattimar) i året.

Statkraft varsla nyleg at dei reknar 20 TWh til overs i 2030, utan nye konsesjonar til vindkraftverk. Også NVE har varsla stigande overskot. Når Hansen fører i marka at eit nytt vindkraftverk kan levere straum til heile Stavanger by, snakkar han om ein by som har rikeleg tilgang frå før. Han pratar på utsida av realitetane i saka.

Det Hansen kanskje ikkje opplyste på møtet med grunneigarane, er at kvart einaste nytt vindkraftverk aukar nettleiga for folk i området. I tillegg kjem ein del andre ekstrakostnader. Straumkundane må betale det meste av nye kraftliner som alltid er ein del av utbygginga. På Guleslettene i Flora og Bremanger er kostnaden 170 millionar kroner; berre 30 av dei skal utbyggjaren betale. Dette er altså ei rein pengeoverføring frå folk flest til vindkraftselskapa. Guleslettene har Zephyr selt til det amerikanske gigantselskapet Blackrock, som syg pengar ut av natur mange stader i verda. Og linjekostnadene er ikkje dei einaste. Norske straumkjøparar må betale dei pengane som selskapa får etter ordninga med elsertifikat, ofte misvisande kalla for grøne sertifikat. Prisen er for tida 4–5 øre pr. kilowattime, pengar som går til å øydelegge natur for å eksportere den folkesubsidierte krafta til andre land. For at selskapa skal kunne auke eksporten, er det planar om fleire kablar til utlandet. Dei har professor Anders Skonhoft ved NTNU rekna ut vil koste det norske folk 2,6 milliardar kroner i rein overføring til kraftselskapa. Det er rimeleg at mange reagerer på at dei skal betale ekstra for å vinne ut meir av eit gode som landet har rikeleg av. 

200 meter, kanskje 250, høge vindturbinar på fjella vest for Vadheim vil bli godt synlege frå mykje av Sognefjorden og bygder på begge sidene. Lange og breie vegar er banesår for landskapet og mykje av livet der. Over heile landet reiser folk seg no mot dette skadeverket. Dei har skjønt at heimelandskapet vert smadra, og mange politikarar forstår at slikt vil ikkje folk ha. 

Fjella vest for Vadheim er med i utkastet til rammeplan for framtidig vindkraft. Men det inneber ikkje noko førehandsløyve til konsesjon. Zephyr har òg planar på Dalsbotnfjellet i Gulen, der kommunen er imot utbygging. Johnny Hansen spør om kommunane bør ha vetorett i så viktige saker. Det kan sjå ut som om Hansen meiner at nokre få grunneigarar bør vere eit tyngre lodd i avveginga enn eit kommunestyre som forsvarer sine innbyggjarar. 

                                       ,. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags