Vindkraft – løysinga eller sjølve problemet?

INDUSTRI: Ein vindpark, eller meir presist; ei samling av vindturbinar, er og blir eit industriprosjekt. Det visuelle inntrykket av området vert endra. Verdien av tradisjonelt friluftsliv vert redusert. Der ein før kunne spasere i urørt natur kan ein no sykle eller trille barnevogn på 5 meter breie grusvegar, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.

INDUSTRI: Ein vindpark, eller meir presist; ei samling av vindturbinar, er og blir eit industriprosjekt. Det visuelle inntrykket av området vert endra. Verdien av tradisjonelt friluftsliv vert redusert. Der ein før kunne spasere i urørt natur kan ein no sykle eller trille barnevogn på 5 meter breie grusvegar, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFor kort tid sidan var vindkraft ein del av klima-løysinga. Ei rekke kommunar rundt om i Norge har gjennom sine energi- og klimaplanar uttrykt at kommunen vil legge til rette for ny vindkraft.
Alle kommunane erkjenner at vi har eit klimaproblem, tusenvis av skuleungdommar skulka skulen i vår fordi dei opplever at klimasaka ikkje vert teken på alvor av politikarane. Mange peiker på landbasert vindkraft som ein del av løysinga. På dei politiske landsmøta i fjor, og ei rekke tidlegare år, har mange parti hatt bildet av ein vindturbin i sin visuelle profilering i klimasaka. Det har vore brei politisk semje på Stortinget om å subsidiere vindkraft og 7 av 10 nordmenn har eit positivt syn på vindkraft på land.

Det er i dag høg utbyggingstakt innan landbasert vindkraft, den er delvis driven fram av tidsfristen for å kome inn under el-sertifikatordninga. I tillegg har teknologiutviklinga gjort landbasert vindkraft lønsam. I vår la NVE fram sitt forslag til Nasjonal ramme for vindkraft på land. I sum har dette skapt eit inntrykk av at landet blir teppebomba av vindturbinar.

Vindkraft ser no ut til å ha blitt sjølve problemet. Vindkraft, det som i går var løysinga, og det som vi i går ville subsidiere, har i dag blitt hovudfienden.

Dei få som i dag tør å uttale seg positive til vindkraft på land, møter sterk motstand. Då vert du møtt med ei rekke skuldingar; som å selje naturen på billegsal, ein er naiv og grådig, evner ikkje å sjå verdien av natur og at ein ikkje tenker på sine etterkommarar. Forsøka på å etablere ein nyansert diskusjon om fordeler og ulemper, prellar av som vatn på gåsa.

I dei aller fleste områda i Norge skal det ikkje byggast vindturbinar. Men akkurat no kan det sjå ut som at mange føler det slik. For kommunane som har vore så «uheldige» å hamne innanfor NVE sine utpeika område, dei føler no (med urette) å ha fått ein utbyggingsplan for vindturbinar tredd ned over hovudet. Samtidig har vi kommunar som har hamna utanfor Nasjonal Ramme, som føler dei er tekne frå mogelegheitene til å greie ut eit vindkraftprosjekt.

Hovudutfordringa som vi står framfor no er at mange kommunar føler at retten til sjølv å velje om ein skal ha vindturbinar på sitt fjell eller i sitt nærområde, ikkje er reell. Det er uheldig, sidan det er kommunane sjølve som veit best kor det passar med vindturbinar, og kor det ikkje passar.
I nokre kommunar passar det ikkje med vindturbinar. I andre kommunar kan det passe med nokre få. Og i enkelte kommunar kan det passe med mange. Å diskutere seg fram til om det passar med ingen, få eller mange vindturbinar i si eiga kommune tek lang tid. Det tek sannsynlegvis fleire år. For det er ei lang rekke ting som må utgreiast først.

Ein vindpark, eller meir presist; ei samling av vindturbinar er og blir eit industriprosjekt. Det visuelle inntrykket av området vert endra. Verdien av tradisjonelt friluftsliv vert redusert. Der ein før kunne spasere i urørt natur kan ein no sykle eller trille barnevogn på 5 meter breie grusvegar.
Samtidig kan vindkraft gje grunneigarane og kommunane auka inntekter. Inntekter som kan løyse andre utfordringar som kommunen måtte ha. Eit vindkraftprosjekt har nokre klare fordeler og nokre klare ulemper.
Det er kommunane som best kjenner på om nytten av eit vindkraftprosjekt overstig ulempene. For det er lokalt fordelane og ulempene vil bli følt sterkast. Det er kommunane som må balansere mellom dei lokale interessentane. Og det er kommunane som kan finne kompromiss som er til det beste for seg og sine innbyggjarar.

For å gjere vedtak om ein skal ha vindkraft i kommunen, så må alle fakta på bordet. Ein må vite kvar vindturbinane skal byggjast, kor mange dei blir, om dimensjonar, konsekvensar for naturmiljø, om verknadane av støy og skuggekast. Og ein må vite kor mange arbeidsplassar som blir skapt i kommunen og kva inntekter dei sit igjen med.

Uavhengig av kva Nasjonal Ramme for vindkraft ender i, så må vi ikkje ende opp med eit system der kommunane blir plassert i baksetet utan mogelegheit til styring og forvaltning. Dersom det skal byggjast meir vindkraft i åra framover må vi ha eit system der utviklinga av eit vindkraftprosjekt må gjerast i tett samarbeid med kommunen. Og kommunen sine synspunkt må vektleggast sterkt når konsesjon skal handsamast av NVE og OED. Vindkraft er og blir eit industriprosjekt, det passar dårleg å tre slike prosjekt ned over hovuda på kommunane.
Dette var heller ikkje intensjonen med Nasjonal Ramme. Nasjonal Ramme er ingen utbyggingsplan. Men det er heller ingen verneplan. Intensjonen med Nasjonal Ramme var å gjere det meir føreseieleg og å redusere konfliktgraden. Men verknaden er blitt tvert om.
Likevel er det faktisk slik at 7 av 10 nordmenn er positive til vindturbinar på land og som meiner vindturbinar vil vere ein del av klimaløysninga, både globalt og lokalt. Men akkurat no kan det sjå ut som om vindturbinar er ein del av problemet.

Ein må akseptere at dei prosjekta som NVE og OED har gjeve konsesjon vert bygd ut i tråd med konsesjonsvilkåra. Ein konsesjon kan kort og godt ikkje trekkast tilbake. Det er ingen som vil investere tungt i distrikta våre dersom ein risikerer at rettskraftige konsesjonar eller reguleringsplanar; enten det gjeld vind, vatn eller oppdrett; vert obstruert. Ein obstruksjon av rettskraftige konsesjonar vil uansett reise erstatningsrettslege spørsmål.

Etter mi meining er det nødvendig å endre rammevilkåra for framtidige vindkraftprosjekt, til dømes at kommunane må kunne krevje at tiltakshavar utarbeider og får godkjent reguleringsplan før konsesjon vert gjeve. Det vil bidra til at vindkraftprosjekt og andre byggeprosjekt i kommunane får tilnærma likebehandling og vil i praksis gje kommunen ein «vetorett». Etter kvart som landbasert vindkraft er blitt ein lønsam industri, blir enda meir berekraftig og uavhengig av støtteordningar, så er landbasert vind først og fremst eit spørsmål om korleis kommunane ønskjer å disponere arealet i sin kommune.
Stortinget kunne enkelt bidrege til å redusere konfliktnivået ved å innføre naturressursskatt på vindkraft. Naturressursskatt er ein investeringsnøytral skatt som hovudsakleg går til vertskommunen, og ein mindre del går til fylket. Dessverre er det ikkje fleirtal i Stortinget for å innføre slik skatt, men kanskje om to år?
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags